Fastelavn - kvifor feirar vi denne dagen?

Kanskje forbind du fastelavn med nysteikte bollar fylte med fløyelskrem, favorittsyltetøyet og eit tynt lag med melisdryss? Eller kanskje er fastelavn for deg - å finne greiner frå eit tre og binde på ulike farga fjører som pyntar opp i vintertida? Det kan jo være begge deler - men veit du kvifor vi feirar fastelavn?

Fastelavn - kvifor feirar vi denne dagen?

Fastelavn
Fastelavn er ein bevegeleg helligdag, siste søndag før faste. I Noreg blir dagen også kalla "bollesøndag" - fordi mange då serverar bolle med krem.

Kva betyr fastelavn?
Sjølve ordet fastelavn stammar frå det tyske ordet vastel-avent som betyr faste-aftan, altså "kvelden før faste". Namnet utalas "fastelaven", og blir ofte feilstava slik.

Opprinneleg var fastelavn på tysdagskvelden, altså såkalla feitetysdag, før fasta. Men etterkvart blei fastelavn utvida til tre dagar: fastelavnssøndag, blåmandag og feitetysdag, før fasta byrjar på askeonsdag. I dag er det helst søndagen som blir markert i Noreg.

Helligdag i Noreg
I Kristendomen har faste vore vanleg heilt ifrå 200-talet. På fastelavnssøndag plar det vere gudstenester i dei norske kyrkjene, og temaet er gjerne den foreståande fasta, som startar 40 dagar (ikkje irekna søndagar) før påske. Fasta skal vere ei tid for bot, betring og ettertanke. Fasta er også utbredt i andre religionar som islam og jødedomen.

Bollesøndag
På fastelavn eller bollesøndag som nokre vel å kalle det, blir det servert kveitebollar med piska krem eller vaniljekrem - toppa med melisdryss. Bollene representerar den feite kosten som blei servert på fastelavnssøndag - tidlegare kalt fleskesøndag - for å feite opp folk, før 40 dagars faste med mager kost skulle starta.

Fastelavnsris
Fastelavn markeringa har lange røter i Noreg, og har forandra seg fleire gongar i historien. Det er mange, til dels gamle tradisjonar bunden med fastelavn. Ein er fastelavnsriset; bjørkekvistar knytta saman i ein bunt og pynta med fargerike fjører. No brukar vi fastelavnsriset til dekorasjon men den stammar eigentleg frå ein gamal hedens skikk der den vart brukt til å rise unge, barnlause hustruer for å gjere dei fruktbare.

Karneval
Sjølve ordet karneval betyr bokstaveleg talt "å fjerne kjøttet", og viser til fasta. Det er framleis ei viktig markering for både katolikkar og protestantar i heile verda. I mange land blir karneval feira med kostymefestar og festlige paradar. 

Verdas mest berømte karnevalsparade er i Rio de Janeiro, Brasil. Det er også store folkefestar som Mardi Gras i New Orleans, USA og maskeradeballet i Venezia, Italia. I Noreg er det mest borna som feirar karneval med utkledningsfestar i barnehagen, på skular og i bursdagsselskap denne tida.

Katten ut av tønna

I Tyskland og Danmark slo ein "katten ut av tønna". Symbolikken var å jage vinteren bort og la våren kome. Tønna skulle forestille vinteren og katten våren, og folk brukte ein levande katt i tønna, fordi i gamal overtru, var kattar vonde og skuld i mange ulykker.

I dag er det heldigvis ingen katt i tønna, bare eit bilete eller teikninga av ein katt festa utanpå tønna. Inni er tønna fylt med godteri - som ein piñata. Folk slår på tønna etter tur, og den som slår ner tønna, blir årets kattekonge- eller dronning.

(Artikkelen er henta frå timeanddate.no) 

Vi ynskjer GOD FASTELAVN!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"