Status:
Veke 34: Sperrebanda på felt 2 er fjerna og feltet er ferdigstilt. Feltet er åpent for fri ferdsel, og det er mogleg for festarar å sette ner plantar på gravene. Arbeidet på felt 1 held fram. Her er fremste del ferdigstilt og gras er sådd. Bakre del av felt 1 er framleis under arbeid, og det vil bli sådd i gras her også ved ferdigstilling. Det vil vere sperreband ei stund for å la graset få sette seg.
Bilder frå felt 2 som no er ferdigstilt:
Veke 33 - arbeidet på felt 1 held fram. Ferieavviklinga er over og arbeidarar er tilbake og vil fullføre arbeidet på felt 1 medio august-september. Sperreband er framleis gjeldande på begge felta grunna nysådd plen.
I løpet av sommarvekene har felt 2 blitt ferdigstilt og gras er sådd. Det er framleis sperreband rundt feltet for å la graset få gro og sette seg. Arbeidet med felt 1 er starta.
I veke 25 er arbeidet med å sette tilbake gravstøttene på felt 2 alt godt igang. Fastmerka er justert til den nyplannerte grunnen og gravminna blir montert tilbake på feltet. Det er lagt ned eit møysommeleg arbeid for å få alle gravminner og plantefelt i vater og det blir fyllt på godt med parkmiks før ein sår i gras. Blomster som vart planta før arbeidet starta er blitt vatna og dei blir satt tilbake i plantefeltet. Planen er å ferdigstille felt 2 i løpet av veke 26. Etter ferdigstillinga av dette feltet så vil det same arbeidet bli starta på felt 1.
I veke 23 starta arbeidet på felt 2 med oppmåling av gravminna og forsvarleg fjerning og lagring av disse. I løpet av veke 24 er dei fleste av gravminna fjerna frå feltet og lagra på gravstaden. Det er også blitt fylt på jordmasser for å planere ut grunnen. Etterkvart blir det tilført meir jordmasser og parkmiks - før gravminna blir satt tilbake på gravfeltet, og det blir sådd i gras.
Bilder frå befaring i veke 24:
Tiltaket går ut på å få planert ut grunnen som er ujevn - med å fylle på jord-/ og sandmasser og så i nytt gras. Dette arbeidet vil kreve at gravminner og fundament først vil bli dokumentert og gps-koordinert før dei blir fjerna for at arbeidet med grunnen skal bli så bra som mogleg. Gravminne og fundament blir etter grunnarbeidet montert tilbake på gravfeltet før det vert sådd nytt gras.
For å få gode vekstvilkår for graset ber vi om at det ikkje blir trakka så mykje på dei nyplanerte felta etter ferdigstilt arbeid.
Planen er å starte med felt 2 og arbeidet trer i kraft i starten av juni 2023.
Felt 1 blir gjort tiltak på fortløpande etter ferdigstilling av felt 2.
Vi ber om at alle lause gjenstandar; bilder, vasar, gravlykter, steinar, lause beddkantar og anna vert fjerna innan 29.05.23
Festarar på desse to gravfelta har fått varsel om arbeidet i brevform.
For å forstå kva felt grava tilhøyrer ser ein på gravnummer:
20.01.XX.XXX (felt 1)
20.02.XX.XXX (felt 2).