Barnekoret Blessing fyller 10 år denne våren. I løpet av desse åra har fleire hundre barn frå Sula vore innom, og i år består koret av mellom 40 og 50 sangglade barn frå 2.-4.klasse. Etterkvart vart også Tweenskoret BigBless starta, og det består no av ca.15 5.-7.klassingar.
Dette vil vi gjerne feire, og inviterer til stor jubileumskonsert søndag 4.juni kl. 17.00 i Langevåg kyrkje. Her vil dei to kora vise seg fram både kvar for seg og i lag. Vi kan by på eit stort repertoar både av songar skrive av kyrkjelyden sine eigne musikarar og andre kjende barne- og tweenssongar. Nokre av sangane har også vore med koret heilt frå starten av.
Vi ønsker alle hjarteleg velkomen til å feire i lag med oss, og håper vi kan fylle Langevåg kyrkje denne ettermiddagen. Det hadde vore kjekt om mange tidlegare Blessingarar også vil komme å vere saman med oss.
Konserten er gratis, men det er mogleg å gi ei gåve til korarbeidet.