Julekonsert med Garness, 14. desember

Mandag 14. desember kjem tvillingduoen Garness til Langevåg kyrkje og skapar nydeleg melodisk julestemning i kyrkja. Det er framleis nokre billettar att, men kun plass til 50 stk., så skund deg å sikre deg ein plass denne kvelden...

Julekonsert med Garness, 14. desember

Garness består av dei to tvillingsystrene Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad. Jentene vaks opp i ein musikalsk heim på Holsnøy utanfor Bergen der ein kunne høyre pianospeling gjennom veggane til langt på kveld. Dei skreiv sin første song som femåringar - inspirert av sine store førebilde faren og bestemora. Begge to beherskar ulike instrument som piano, gitar, harpe og ulike perkusjonsinstrument, klokkespel, etc - og dei ynskjer gjerne å få formidle ein unik musikkopplevelse til sine lytterar. Garness gav ut debutalbumet sitt i 2008 - "The Good or Better Side of Things", der dei hausta gode tilbakemeldingar om at dei er lekne, melodiøse og originale - eit album å finne roa med. Det andre albumet dei gav ut var "Barnet i krybben" (november 2009) - eit album med norske julesongar som av Dagbladet vart kåra til årets juleplate i 2009. Kritikkane dei hausta var at musikken var betydelig annaleis og personleg til ei juleplate å vere, samstundes som den osar av juleatmosfære og tradisjon. Det er både tradisjonelle julesangar og eigenkomponerte julelåtar på plata. Dette er ei plate som er upolert og ekte og som grensar mot folk-pop retninga.

Julaftan i 2013 fekk nok Garness sitt gjennombrot i høve den Norske befolkninga, då NRK viste ein julekonsert med ulike artistar som Marit Larsen, Elvira Nikolaisen, Karoline Krüger, Sigvart Dagsland og duoen Garness. Programmet var eit av dei mest sette programma på NRK denne jula og det gav stor avkastning for søstrene. 

For begge damene er det å få spele live musikk det finaste dei veit. Å få framføre musikken til og i lag med kvarandre forran publikum. Dei ynskjer å berøre, inspirere og skape begeistring og håpar at folk kan kjenne seg at i tekstane deira. 

 

Juleturne 2020
Tvillingduoen Garness hausta glitrande kritikk då dei gav ut julealbumet sitt Barnet i krybben i 2009. Etter eit tiår på vegen med sine særprega tolkningar av dei gode, gamle julesongane, er ein julekonsert med Garness blitt ein kjær adventstradisjon for mange. Konsertane med Garness blir kjennetegna av ein leiken musikalitet, inderleg formidling og kreativ bruk av ein rikholdig instrumentpark.

Etter fjorårets tiårsjubileum for plata, vaks det fram eit ynskie i systrene om å utfordre seg sjølv litt, og sette nokon nye kunstneriske rammer for å fornye julekonserten sin. I desember i år vil derfor publikum få mulighet til å oppleve duoen i ein ny musikalsk besetning. Det blir nært og meir nedstrippa, og jentenes unike vokalsamspel og habile traktering av ei rekke ulike instrument står enda meir i fokus. Jentene er fulle av forventning og glede over å ha fått kapra med seg multiinstrumentalisten Christer Slaaen, som dei kjenner frå samarbeidet om konsertforestillingen og plata “Gåten om korset”. Dette samarbeidet gav meirsmak. I desember i år vil det altså bli denne trioen som skal framføre Garness sitt julerepertoar, der mange av songene som publikum har et varmt forhold til, fortsatt står på programmet.

Christer, som både jobbar som produsent og musikar, spelar blant anna med Darling West og Maria Solheim og har vært sentral i bandet Humming People. Ein av hans siste studioproduksjonar, “Bråkebøttebaluba”, med Maria Solheim og Silje Sirnes Winje, van n nyleg årets spellemannspris i kategorien barnemusikk.

Etter ein spesiell vår og sommar der alle Garness sine planlagde konsertar har blitt avlyst som følge av covid-19-restriksjonane, ser jentene enormt fram til å reise på turné igjen og gjere det dei elsker aller mest: å formidle noko som verkeleg ligg dei på hjarta, og bidra til å spre glede, fred og ein følelse av samhald gjennom musikk og tekst.

Vi ynskjer velkomen til ein fin førjulskveld i Langevåg kyrkje 14.12 kl. 18:30. Link til billettar under.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"