Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp gir håp i krig og katastrofar

Verda slik ho ser ut i dag krev mykje av oss. Ho krev at Kirkens Nødhjelp er til stades der nøda er størst. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp gjer det mogleg. I kyrkjelyden vår, Sula sokn, er sjølve aksjonsdagen tirsdag 19.mars og vi håpar de tek våre konfirmantar og frivillige vel imot og at givargleda er stor.

Foto: Kirkens Nødhjelp

Verda slik ho ser ut i dag krev mykje av oss. Ho krev at Kirkens Nødhjelp er til stades der nøda er størst. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp gjer det mogleg. To veker før påske kvart einaste år, går rundt 40.000 bøsseberarar frå dør til dør over heile landet og samlar inn pengar til arbeidet deira. I fleire tiår har norske konfirmantar vore med på denne enorme dugnaden, som gjer det mogleg å rykke ut i kriser. I kyrkjelyden vår, Sula sokn, er sjølve aksjonsdagen tirsdag 19.mars og vi håpar de tek våre konfirmantar og frivillige vel imot og at givargleda er stor.

Takka vere fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp var dei i fjor til stades med nødhjelp i jordskjelvet i Syria. Det kunne dei også i jordskjelvet i Afghanistan. Dei kunne dele ut mat og vatn til flaumråka i Malawi. Dei kunne dele ut mat og teppe i Gaza. Dei har kunne dele ut varme teppe og vatn i Ukraina.

Takka vere det store engasjementet til konfirmantar og kyrkjelyder, kan menneske få eit betre liv. Som i Libanon. Eit land som er sterkt prega av både krigen i Ukraina og Gaza.

I landsbyen Deir El Ghazal har Kirkens Nødhjelp bygd ein vasstank på 800.000 liter. Bønder kan igjen dyrke grønsaker og ungdomane har reint drikkevatn. I heile 40 år har landsbyen i Bekaadalen vore utan vatn. No spirar og gror det over alt.

Akkurat no gjer kyrkjelyder over heile Noreg seg klare til å gjere ein forskjell. Til å spreie håp i ei verd sterkt prega av nød og liding.

I årets fasteaksjon møter vi Rachel som bur i Bekaadalen. Ho er som ungdomar flest. Elskar å vere på mobilen og vere saman med vener. Ho fortel korleis det var å bu i landsbyen før dei fekk det livgjevande vatnet. Ho er eit godt eksempel på at det er håp i ein drope vatn, og at tilgang til vatn gjev store ringverknader. I tillegg til å halde seg frisk, kan ho drøyme og vere aktiv. Gjennom fasteaksjonen kan endå fleire få same moglegheiter som Rachel.

Støtt fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 2024, «Håp i ein drope vatn».

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"