Ledig 70-100% vikariatstilling som kyrkjelydspedagog
VIL DU VERE MED PÅ LAGET?
Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein aktiv medspelar på laget. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje. Sula sokn har gudstenester og barne- og ungdomsarbeid som satsingsområde. Sula sokn er med i trusopplærings-arbeidet i Nordre Sunnmøre prosti, og har sett “størst i Guds rike - med Jesus som ven” som tema for denne satsinga for barn og ungdom.
Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.
Sula kommune er ei kommune i vekst og er ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskuler og ein ungdomsskule.
I Sula sokn lysast no ut ei 70-100 % vikarstilling som kyrkjelydspedagog ut juni 2024. Oppstart snarast. Den som vert tilsett vil arbeide i team med dei andre undervisningsstillingane, og arbeidsfordelinga vert sett opp i lag med dei.
Arbeidsområde:
- Planlegge, leie og utvikle trusopplæringstiltak i høve vedtatt trusopplæringsplan
- Koordinering, administrasjon og deltaking i konfirmantundervisning i samråd med øvrig stab og under leiing av kateket.
- Rekruttere og administrere frivillige medarbeidere til trosupplæringstiltak.
- Planlegge og følge opp samarbeid med skule og barnehage
- Administrative oppgåver vil kunne bli pålagt stillinga
- Ein må rekne med noko kvelds- og helge-jobbing
Kvalifikasjonar:
- Søkarar har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning
- Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trosopplæringsarbeid i kyrkjelyd
- Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
- Interesse og erfaring fra bruk av sosiale medier og andre kommunikasjonskanaler
- Må beherske norsk skriftlig og muntlig
Personleg eigenskapar:
- Erfaring frå undervisning og/eller kristent barne- og ungdomsarbeid
- Engasjert for arbeid med undervisning og trus formidling til born og ungdom
- Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig
- Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging
- Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i tverrfagleg stab
- varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
- Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- løn etter gjeldande tariff i den Norske kyrkja
Opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Sula kyrkjekontor på tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd og stillinga er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula.
Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.
Send søknad til: kyrkjekontoret@sula.kommune.no
Søknadsfrist: søndag 25.februar 2024.
Startdato: snarast.