Misjonsgudsteneste og 10-årsjubileum
På søndag er det misjonsgudsteneste i Langevåg kyrkje. Sokneprest Anders Barstad, misjonsforeninga Ester og diakon Ingvild Snipsøyr med fleire ynskjer alle varmt velkomen. Tidlegare diakon på Sula, Asbjørg Oksavik Sve held preike denne søndagen. Det blir dåp av 4 dåpsborn, nattverd og kyrkjekaffi.
Vi vil ha fokus på Sula kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt som er menighetsbygging i Estland. Her støttar vi to menigheter i Mustamäe og Saku som begge har gått frå å vere to små grupper i små lokaler, til no å ha fått bygd seg kyrkjebygg og driv menighetsarbeid for alle aldersgrupper. Enda står det igjen ein del for å ferdigstille desse kyrkjebygga og dei treng difor framleis vår støtte til det arbeidet dei driv. Snart skal desse menighetene sende ut estiske medarbeidarar som skal vere med å starte nye menigheter andre stader i Estland.
For 10 år sidan blei det etablert ei misjonsforening i Sula kyrkjelyd som heiter Ester, og dei har vore ei drivkraft for dette misjonsprosjektet. Den innsatsen dei har lagt ned i å samle inn pengar til misjonsprosjektet og det flotte arbeidet som skjer i Estland er verdt å feire. Det vil vi markere i gudstenesta og med ein utvida kyrkjekaffi etter gudstenesta. Velkomen til gudsteneste!
Les gjerne meir om Misjonsprosjektet i Estland ved å klikke på linkane under: