"Saman som kyrkje i heile verda" aksjonen vart for første gang starta i 2020 og vart ein vellukka aksjon. Mange sokn slutta seg til aksjonen, og resultatet blei over 2 millionar til kyrkjelydane sine eigne misjonsprosjekt. Framleis er det store behov med tanke på koronoasituasjonen, men i år blir aksjonen enda meir målretta mot dei prosjekta som kyrkjelydane har valt å samarbeide med SMM- organisasjonane.
Ei hjelp til å styrke kyrkjelydens misjonsprosjekt
Ved aksjonen vil vi:
- Styrke kyrkjelyden sin identitet som del av den verdsvide kyrkja.
- Styrke kyrkjelyden sitt eigarskap til sitt eige misjonsprosjekt.
- Informere om og samle inn til eige prosjekt.
- Styrke kyrkelydane sine band til søsterkyrkjer gjennom samarbeid med SSM-organisasjonane.
- Vere ein del av aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda".
Aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" har sitt utspring i Agder og telemark bispedømme, men alle bispedømme og kyrkjelydar kan slutte seg til aksjonen. Målet med aksjonen er å styrke kyrkjelydens valde misjonsprosjekt, som for Sula sokn er Estland, i samband med dei misjonsorganisasjonane som kyrkja arbeidar med.
Vi lev i ein utfordrande situasjon. Koronapandemien pregar fortsatt kyrkjelyden sitt arbeid. Om situasjonen er krevande her i Noreg, er våre søsterkyrkjer i ein einda meir krevande stilling. Organisasjonane i SMM-samarbeidet, som forvaltar gåvene våre og er operative i 40 samarbeidsland, er også prega av situasjonen. No kan vi enda ein gong få bidra til at våre søsterkyrkjer og partnere kan utgjere ein skilnad i sine lokalsamfunn.
Sula sokn har ei eiga digital bøsse på Spleis
Vi takkar får alle bidrag og gåver som kjem inn til aksjonen. Saman kan vi gjere ein skilnad.