Sponsorløp for fasteaksjonen!

Førstkommande tysdag 16.03 og onsdag 17.03 vil kyrkje-konfirmantane springe sponsorløp for å støtte Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon for vatn. Ingen skal måtte drikke skittent vatten. Likevel må 785 millionar menneske det kvar dag. Bli sponsor for konfirmantane og vær med å gjer ein forskjell for dei som treng det som mest. FORANDRE. FOR ANDRE.

Sponsorløp for fasteaksjonen!

Spring for å skaffe vatn!

(Artikkel av Odd Solnørdal, Sulaposten 11.03.21)

13 åringen Mary Miyjambo frå Zambia gjekk kilometervis kvar dag for å skaffe familien vatn. Førstkommande tysdag vil kyrkje-konfirmantane springe sponsorløp for at slike som Mary skal få brønn i nærområdet sitt. 

Klar til innsats.
-Forma er god, så eg satsar på at det blir nokre rundar, seier Haakon Brandal Sværen. 14-åringen frå Langevåg ser fram til å bidra under fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, der Sula-konfirmantane skal ta beina fatt - til inntekt for dei som må gå for å hente vatn. Dei skal rett og slett springe for dei som ikkje har vatten i springen. 

-Vi skal no skaffe sponorar, alt frå familie til bedrifter, som kan tenke seg å betale litt for kvar runde vi spring. Inntektene går til arbeidet med å skaffe fleire fattige tilgang til reint vatn, seier Brandal Sværen. 

Viktig arbeid.
-Reint drikkevatn har vore tema under fleire fasteaksjonar no, og i år er det kanskje viktigare enn nokon gong. Pandemien har ikkje gjort det noko bedre for dei fattige, seier diakon Ingvild Snipsøyr. Ho fortel at sidan konfirmantane i år ikkje kan ha dør til dør-aksjon, slik som det tradisjonelt har vore, ville dei heller bidra i form av eit sponsorløp. Eit sprekt bidrag for å få bygd fleire brønnar.

– Eg trur det gjorde sterkt inntrykk å høyre om 13-årige Mary som gjekk kilometervis for å hente vatn til familien sin, medan vi berre kan skru på springen og få så mykje vatn vi berre vil ha. Dessverre er det veldig mange som har det slik som Mary, det er nesten 800 millionar menneske som ikkje har tilgang til reint vatn der dei bur.

– Vi kan ikkje hjelpe alle, men vi kan hjelpe nokre, seier Snipsøyr. – Dei kronene vi gir merkar vi kanskje ikkje så mykje til i kvardagen vår, men dei vil vere livsforandrande for andre. Dette er noko konfirmantane våre synest er kjekt å kunne bidra til, og vi håper sjølvsagt at folk vil hjelpe dei i arbeidet. Difor oppfordrar vi alle som kjenner ein konfirmant om å melde seg som sponsor!


Foto: Haakon Brandal Sværen (bak til venstre) saman med  Tonje Bjørge Salen, Andrea Ørjaseter Hovlid, Anna Bjørge Dybvik, Guttorm Blomvik Grande (framme til venstre), Magnus Solevåg, Andreas Ashenafi Skotheimsvik, Johan Skuggen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"