Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. I internasjonal samanheng er så mykje som kvar femte jente gifta bort som barn. Årsakar til barneekteskap er blandt anna fattigdom, men også patriarkalse og religiøse tradisjonar. Viktige motkrefter vil derfor vere utdanning, likestilling, utfordring av kulturelle og religiøse normar, samt mulighet for kvinner til å tene sine eigne pengar.
I fleire av landa for årets TV-aksjon er barneekteskap forbudt ved lov. I praksis viser det seg at desse lovene ikkje blir etterfulgt. Eit såkalla "barneekteskap" er synonymt med legitimering av overgrepog voldtekt. Dei jentene som blir gravide under desse forholda blir utsatt for store skadar, både psykisk og fysisk. Kampen mot barneekteskap er kamp mot overgrep og kamp mot borna sine rettigheter og deira fridom.
Det er ofte religiøse leiarar som gjennomfører ekteskapsritualet. Samarbeid med blandt anna lokale og religiøse leiarar er derfor sentralt for å kunne motivere til å endre tradisjonar og praksis.
Vi er mange som må stå saman for at jenter skal få vere barn, og ikkje brud.
Artikkel henta frå Bispemøtet 30.september 2021, Den Norske kyrkja