Syngje i kor

Syngje i kor

Likar du å synge? Då kan du begynne i kor i Korskulen i Førde kyrkje.


Du kan velge mellom:
1. Knøttekoret: Frå ca.3 år til ca. 5 år
2. Aspirantkoret: Frå ca. 5 år til og med 2. klasse
3. Jentekoret: Frå 3. klasse og oppover

Alle kora er tilknytta «Ung kirkesang» og øver kvar tirsdag i Førde kyrkje.
Dirigent er Gro Gunnarson. Ho har si utdanning frå Griegakademiet i Bergen og jobbar til dagleg som kantor i Førde.

I alle kora jobbar vi for eit inkluderande miljø, der ein kan få nye venner, oppleve songglede og få god songteknikk.

Pris: Kr. 200,- per semester.

Alle kora er med på fleire konsertar i løpet av året, både i kyrkja og andre stader. Ein syng på gudstenester og har songstund på Førde omsorgssenter ein gong per semester. Aspirant og jentekoret deltek på den tradisjonelle Luciakonserten 13. desember tidleg om morgonen og reiser òg på turar i løpet av året. Før jul syng vi jula inn på NRK - Sogn og Fjordane.

Øvingsdag: Tirsdag (Knøttekor kl. 17.20/Aspirantkor kl. 18.05/Jentekor kl. 18.55)
Øvingsstad: Førde kyrkje

Ta kontakt med Gro Gunnarson om du har spørsmål eller har lyst å begynne:
gro.gunnarson@sunnfjordkyrkja.no eller mobil: 95868160.

Du kan òg ta kontakt via facebooksida vår: Korskulen i Førde kyrkje.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"