Alt er ikkje avlyst!

Eg har lyst til å utfordre deg til å nytta dei dagane og vekene der vi ikkje kan samlast som før til noko som framleis er mogeleg.

Alt er ikkje avlyst!

Det har vorte vanskeleg å samle folk til gudsteneste, men ingen har sagt at du og eg ikkje kan opne opp Bibelboka kvar for oss og lese i han. Det har heler ikkje kome forbod mot å falde hendene og be, eller å lyse velsigninga og teikne krossmerket. Alt dette kan du og eg gjere nett der vi er, utan prest og utan kyrkjerommet.
Så difor, ei utfordring frå meg til deg:

1. Finn Bibelboka di eller eit Nytestamente og begynn å lese samanhengande frå Lukas-evangeliet. Gjerne nokre kapittel kvar dag. Ikkje gje deg før du har lese heile Lukas, - det er faktisk ikkje så langt!

2. Bei ei kort bøn kvar dag. For deg sjølv. For situasjonen i landet vårt og for kyrkjelyden vår. Avslutt med Fadervår.

3. Teikn krossmerket over deg sjølv, slik du alltid vert velsigna ved slutten av ei gudsteneste.

Eg gler meg til å møta deg att i kyrkja, men inntil vidare så håpar eg at vi saman kan gjere dei små tinga som kristne menneske til alle tider har gjort, også når dei ikkje har hatt ei kyrkje å gå til: Å lese frå Bibelen og å be.
Herren velsigne deg og bevare deg!


Helsing
Ingvald Andersen Frøyen
Sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"