Vil du gi litt av di tid?

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd har driftsansvar for Home-Start Familiekontakten Sunnfjord (HSF). HSF tilbyr hjelp og støtte til småbarnsfamiliar som sjølv ønskjer det. Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter, og i september 2020 startar vi nytt kurs for familiekontakter.

Vil du gi litt av di tid?

Home-Start Familiekontakten vart etablert i Førde i 2018, og i år utvidar vi tilbodet til å gjelde heile Sunnfjord Kommune. I samband med dette treng vi å rekruttere nye familiekontakter.

Som familiekontakt er du på besøk hos ein familie ein gang i veka, 2-4 timar kvar gang i ein periode på ca. 6 månader. Du får oppfølging og rettleiing frå ein lønna kordinator. Koordinator har hovudansvar for kontakten med familien, og er med på nokre heimebesøk. Som familiekontakt får du også del i eit nettverk med andre familiekontakter. Dette i form av ulike samlingar/arrangement - du gir og får noko tilbake!

Vi ønskjer å ha stor breidde av familiekontakter, og krev ingen spesielle kvalifikasjonar ut over at du likar å vere saman med barn og familiar! At du sjølv har vore forelder ser vi som viktig, men dette er ikkje noko absolutt krav. Vidare må du ta del på førebuingskurs som går over 6 ettermiddagar/kveldar hausten 2020, skrive under på erklæring om teieplikt og levere politiattest.

Kurset startar 15.september og vidare kurskveldar er 22. september, 29. september, 13. oktober, 20. oktober og 27. oktober. Alle kurskveldane startar kl. 17.

Likar du å vere saman med barn og familiar? Vil du gjere ein skilnad? Ta kontakt med koordinator Inger Cesilie Fitje, tlf. 90894788

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"