Joan of Arc - stumfilm med orgelmusikk 21. mars kl.19.00 i Førde kyrkje

The Passion of Joan of Arc (1928) er ein fransk stumfilm som bygger på dei faktiske rettsdokumenta frå rettssaka mot Jeanne d’Arc. Filmen er regissert av Carl Theodor Dreyer og blir framleis omtala som filmhistorisk viktig. Mellom anna er han kjend for sine filmfotografi, nærbilde, fråvær av sminke, lysbruk og svære betongkulissar. På kyrkjeorgel: Erlend Os

stumfilmen om Jeanne d'Arc visast i Førde kyrkje
The Passion of Jeanne of Arc
År: 1928
Regi: Carl Theodor Dreyer
Lengde: 107 min
Aldersgrense: 9 år
Sjanger: Stumfilm, historisk drama

 
Filmen er spesielt kjend for sine intense nærbilde av Renée Jeanne (Maria) Falconetti sitt ansikt, som formidlar Jeanne d’Arc sine indre kampar og lidingar. Prestasjonen blir omtala som «kanskje den finaste framføringa som nokon gong har blitt tatt opp på film» - og det blir sagt at du ikkje kan kjenne stumfilmhistoria utan å kjenne ansiktet hennar.
Handlinga utspelar seg i 1431, då Jeanne d’Arc blir stilt for retten. Etter å ha leia dei franske styrkane til mange sigrar i Hundreårskrigen, er ho fanga og anklaga for kjetteri. Jeanne d'Arc meiner ho er sendt på oppdrag frå gud.
Filmen er fransk og regissert av ein danske, men den har også litt norsk historie. Den orginale versjonen var tapt i fleire år etter at filmen vart klipt om etter ordre frå erkebiskopen i Paris. Ein kopi av orginalversjonen vart funnen att i 1981 i ein vaktmeisterbod på Dikemark sjukehus. Direktøren skal ha vore ein ven av regissøren. Filmen hamna først på lager hos Norsk filminstitutt, før han vart sett i stand og gitt ut på nytt. Det er denne versjonen vi skal vise.
Filmen har over tid blitt framført med ulik musikk. Vi har gitt organist Erlend Os frie taumar til å velje korleis han vil løyse oppgåva.
Vi trur dette blir ei fin og mektig filmvising i Førde kyrkje
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"