Fred over jorda, menneske fryd deg! Oss er ein evig Frelsar fødd!

Inga hending er tradisjon før den har gjenteke seg minst tre gongar. For dei fleste av oss er julehøgtida full av tallause tradisjonar med smakar, luktar og sanseinntrykk.

Fred over jorda, menneske fryd deg! Oss er ein evig Frelsar fødd!

Den aller fyrste jula var ikkje ein tradisjon. Alt hende for fyrste gong. Alt vart snudd opp ned, og folk måtte reise langt vekk for å skrive seg inn i manntal. Det var ei tid med uro, stress og usikkerheit.

Inn i denne uroa steig Gud ned og kom til oss med bodskap om fred, glede og frelse!

Det som gjorde at Jesu kome til verda vart år null i vår tidsrekning er at då vart heile tilværet sett i eit anna lys. Han kom for heile verda, alle folk. Han kom med fred og evig frelse.

Jula i år vert nok ein gong annleis enn vi ynskjer, men sjølve julebodskapen kan ikkje takast frå oss sjølv om rammene rundt høgtida vert endra. Eg vil utfordra deg til å lese sjølve juleevangeliet denne jula. Med di eiga røyst. Og så kan du be stille, eller høgt, for deg sjølv og for den verda vi lever i: at jula må kome med fred i hjarta og fred mellom oss.


Ei signa jul ynskjer eg dykk alle!
Ingvald Andersen Frøyen
Sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"