Innsamling til nytt teppe i Førde kyrkje

For å kunne skifte det grøne teppet som ligg i midtgangen i Førde kyrkje treng vi di hjelp. Dette teppet er no 26 år og svært slitt. Kostnaden med nytt teppe er kr 131 000 som betyr at det kostar kr 4 800 per meter. Soknet må sjølv samle inn desse pengane. Dagens teppe var ei gåve frå Kyrkjeringen i Førde, og i 1995 hadde det ein kostnad på 31 000.

Innsamling til nytt teppe i Førde kyrkje

Når kyrkja no får eit løft på andre område ynskjer vi også at teppet i midtgangen skal sjå fint ut. Det nye teppet vil få same utsjånad som det gamle, men det nye vil sjølvsagt vere litt reinare i fargen enn det som har lagt der i 26 år.

Du kan gje di gåve til
konto 3705.15.33896

eller
VIPPS #657021 Førde sokn - innsamlingar

Merk innbetalinga «Teppe i kyrkja».

Dersom du ynskjer gåva innmeldt til skattekontoret for å få frådrag, må du skrive melding om det i innbetalinga (vi treng i så fall fødselsnummeret ditt). Innbetalinga må då vere minimum kr 500. Ved innbetaling via Vipps må gåva vere minst på kr 510 for å få fråtrekk.

Tusen takk!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"