Dåp

Kyrkja i Vestre Slidre ønskjer alle velkomen til dåp. Sjå artiklane under for meir informasjon.

Det er ingen aldersgrense for dåp, men i Den norske kyrkja er barnedåp vanlegast. Når eit barn vert bore til dåp, vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv.

I forkant av dåpen vil foreldra kallast inn til ei samtale med presten. Her kan ein stille spørsmål og bli kjent med dåpssakramentet og den praktiske gjennomføringa på dåpssøndagen.

Presten vil óg fortelje litt om trusopplæringa som er eit tilbod til alle døypte.

Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekk seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lover å følge barnet alle dagar.

Ønskjer dykk dåp i ei av kyrkjene våre ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf: 61345095 eller send e-post til post.vestreslidre@kyrkja.no.