Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Konfirmantåret er ein del av trusopplæringa og skal styrke og stadfeste trua, stimulere til refleksjon og utvikling på terskelen til vaksenlivet, og utruste ungdommane med reiskapar for å tene Gud og gjera godt mot andre menneske.

Konfirmasjon i Vestre Slidre er alltid siste helga i mai. Laurdag kl.10 i Slidredomen, laurdag kl.12 i Lomen og søndag kl.11 i Røn.

Alle som går på 9. trinn får invitasjon til konfirmasjon, med innskriving rett etter sumarferien.

Konfirmant året startar med leir i Kragerø i byrjinga av august for dei som ynskjer det. (sjå link til HEKTA leir under her.)

Gjennom året er det samling med tema kyrkjelege handlingar, deltaking i gudsteneste, fasteaksjon, HEKTA m.m.

I løpet av konfirmantåret får kvar konfirmant tildelt messer der dei skal delta som ministrant («gudstjenestemedhjelper»). Gjennom ministranttenesta får konfirmantane moglegheit til å ta del i kyrkjelyden sitt gudstenesteliv. Oppgåvene kan til dømes vere å gå i prosesjon, tenne ljos og lese tekst.