Kyrkjerådet har no utarbeida nye retningsliner for smittevern i tråd med dei nye nasjonale reglane.
I praksis betyr det at fast anviste plassar er likeverdig med fast monterte stolsete og at vi kan vere fleire samla i kyrkjene i Vestre Slidre. Vi kan halde dåp der mange fleire kan delta enn slik det har vore dei siste månadene.
Avstand gjeld som før; minimum 1 meter mellom kvar kohort – og 2 meter ved song.
Med dei nye retningslinene vil antal personar i dei ulike kyrkjene sjå ut omtrent slik:
Lomen Kyrkje: Utan song: 60 personar, med song 35 personar
Slidredomen: Utan song 60 personar, med song 35 personar
Røn Kyrkje: Utan song 30 personar, med song 15 personar
Øyjar Kapell: Utan song 16 personar, med song 8 personar.
Tilsette og andre aktørar kjem i tillegg.
NB: Eksakt antal vil avhenge av antalet i kvar kohort, dei gitte tala tar høgde for mange små kohortar. I praksis vil det ofte vere nokre store kohortar-td ved dåp og gravferd, og vi vil då kunne tillete nokre fleire personar enn dei som er oppgitt.
Endeleg max-antal utfrå dei nasjonale reglane er uansett 100, men med krav om avstand på minimum 1 meter, vil det ikkje vere plass til så mange i nokon av våre kyrkjer.
Vi oppdaterer fortløpande på nettsida og facebook om det kjem nye retningsliner.
https://kirken.no/nb-NO/infotilmedarbeidere/info%20til%20medarbeidere/kirkene%20kan%20samle%20flere/