Det skjedde mykje i Røn kyrkje sundag 26 sep, det var utdeling av 4-årsboka, barnedåp og hauttakkefest.
Det vart ei trivelig stund i Røn kyrkje godt leia av vikarprest Carl Philip Weisser.
Det var 6 flotte 4-åringar som fekk bok med arbeidshefte frå trusopplærar Geir, og dåpsbarnet blei døypt av ei stødig hand frå prosten og fikk navnet Ådne.
Messa vart avslutta med kyrkjekaffe frå soknerådet i Røn.