På sjølvaste 8.mai blei den nye delen av gravplassen innvia, for å kunne ta den i bruk for gravlegging.
Etter gudstenesten i Lomen kyrkje gjekk vi i prosesjon ned til den nye delen. Jørgen Andrisson Kvam byrja og avslutta markeringa med to flotte slåttar på hardingfele.
Sokneprest Berit Kristin Klevmoen leia innviinga. Årets konfirmantar sto i sirkel i saman med ho og hadde ei sentral rolle i markeringa. Etter at soknepresten hadde sagt nokre ord, sette kvar konfirmant ned ei rose i ein installasjon midt på gravplassen. Rosene symboliserar dei døde i Vestre Slidre gjennom eit år. Det var mange som møtte på innviinga, og som blei att for is og kaffe etterpå.
Takk til Lomen sokneråd som var med å arrangere innviinga!