Dei gjeldande smittevernsreglane frå myndigheitane no tillet inntil 10 besøkande i gudstenester. Dette gjeld også ved kyrkjelege handlinger som td dåp og vielse. For å kunne opne for at fleire kan besøke kyrkja vil vi førstkomande søndag halde open kyrkje frå kl.11-12. I dette tidsrommet kan du kome når du vil, og du kan få nattverd. Kyrkjevertar ser til at grensa for antal blir halde. Øvrig smittevern blir ivareteke slik det plar.
Framover vil vi følgje gudstenesteplanen vår såfremt det lar seg gjere. Eventuelle endringar vil vi kunngjere på facebooksida – nokre gonger også her på nettsida.
I gravferder er det fortsatt tillete med inntil 50 personar, men vi må halde 2 meters avstand ved salmesong.
Velkomne til gudsteneste!
Kyrkjekontoret er noe ope for besøkande, opningstidene er som dei plar.
Velkomne til å ringe eller stikke innom om de lurer på noko!