Siste helga i oktober var det lysvaken helg i Røn kyrkje, det var 11 flotte 5 klassingar som var med denne helga.
Trusopplærar Geir hadde laga eit opplegg for ungdomane laurdag kveld, med skattejakt, kyrkjegardsløype, grilling og øving til messa neste dag.
Det vart ein fin kveld der dei som hadde sine på kyrkjegarden tente lys på gravene, som vart ei sterk oppleveing for både barn og voksne.
Kvelden vart avslutta med at dei som ville overnatta i kyrkja.
Sundag morgen starta vi i kyrkjestogo med frokost frå soknerådet, så kom Berit Kristin og vi øvde og fikk oppgåver til gudstenesten.
I messa var ungdomane med å hjelpte sognepresten med tekstlesing, bønnevandring, nattverd og song, dei hadde og øvd inn ein song/dans som handla om lysvåken.
Takk for ei fin helg!!