Som før annonsert blir det opning av mekkeklubben på gamle Lomen Auto førstkomande torsdag, 13.april, kl.16.00.
Det blir høytideleg opning med fanfare, snorklypping, talar, underhaldning, kake, pølser og visning av lokala.
Vi håpar at mange vil ta turen til mekkeklubben denne dagen, alle er hjarteleg velkomne!
Det blei tidlegare informert om at det blei oppsett skyss denne dagen. Vi ser no at det ikkje er beste løysinga, då mange vil måtte kome seg ned til hovudvegen for å bli med ein fellesbuss. Vi oppfordrar istaden for foreldre som har mogleheit til det å fylle opp bilar med ungdomar. Prat og avtal med kvarandre, slik at flest mogleg av ungdomane også får med seg opninga! Viss nokon slit med å få skyss, kan de ta kontakt med Geir Kongslien på tlf.92887778, så finn vi ei løysing!