I dag, 1.september, byrja Trygve Rø som vikarprest hos oss. Trygve er 62 år, og har dei siste åra vore prest i Høvik menighet i Bærum prosti. Han går no inn i 1 års vikariat i kyrkja i Vestre Slidre, medan Berit Kristin Klevmoen har permisjon for å ha presteteneste i Vardø.
Trygve har i dag blitt møtt velkomen av staben med kaffe og kake. Det er ein trivelig og fin fyr som vi er viss på at bygda vil setje pris på! I kyrkjebladet som kjem ut litt uti september kan de lese om Trygve og bli betre kjend med han.
Førstkomande søndag, 4.september held han sin første gudsteneste her i Lomen kyrkje kl.11.00. Etter gudstenesten blir det kyrkjekaffe. Velkomen til kyrkja og til å helse på Trygve