Med fanfare, snorskæring, taler, pølser og kake blei mekkeklubben på gamle Lomen Auto opna torsdag ettermiddag.
Mange hadde tatt vegen til mekkeklubben for å væra med og opne dette unike tilbodet for ungdom i øvre Valdres. Det vanka mykje gode ord frå ordførere, fellesråd og prost.
Det må og nevnast at det kom ei skrifteleg velsingnig frå biskopen.
Alle som møtte opp gjekk heim med eit smil om munnen, og var enige om at dette blir eit bra tilbod.
Takk til alle som har bidrege til at Mekkeklubben er blitt ein realitet, og takk til alle som møtte !
Dette blir bra!!