Liker du å snakke i telefonen? Vil du vere ein telefonven?
Vi treng kvarandre no. Det har vore ei lang tid med begrensa sosial kontakt, og for mange ei tung tid. Fleire kan kjenne på behov for å prate med nokon.
I samarbeid med fleire grupper i kommuen, ma pensjonistlaget, bygdekvinnelaget og raude kors ønsker også kyrkja å kunne bidra med telefonvener.
Kan du tenkje deg å vere telefonven?
I praksis betyr det at du blir tildelt ein person som har ønskt seg ein telefonven, og som vi tenkjer du kan «matche» bra. Du ringer denne personen jamnleg. Det bør vere ein gong pr veke i om lag 15 minutt. Telefonvenar i alle aldre er velkomne. Samstundes oppmodar vi unge vaksne og dei mellom 30 - 50 år om å melde seg. Vi treng både menn og kvinner.
Opplæring:
Frivilligsentralen vil halde eit oppstartsmøte for dei som vil vere telefonven med tips og info. Alle telefonvenar og andre involverte har sjølvsagt teieplikt.
***
Treng du ein telefonven?
Kjenner du behov for å ha nokon å prate med - om kvardagslege ting eller større bekymringer, og kunne tenkje deg ein fast telefonven som kontaktar deg kvar veke?
Frivilligsentralen tar på seg å koordinere namna på både dei som ynskjer å få ein telefonven og dei som ynskjer å vere ein telefonven.
***
Kontakt:
Er noko av dette interessant for deg, kan du ringe kyrkjekontoret: 61 34 5095(98), eller sende mail til vk766@kyrkja.no. Du kan og sende mail til frivilligsentralen på mail torill.troen@vestre-slidre.kommune.no
***
På sikt, når smittesituasjonen er annleis, og om det er ønskeleg, kan telefonvenar bli besøksvenar.
Vit at som alltid elles er prest Berit Kristin Klevmoen tilgjengelig for samtale uavhengig av telefonven-tenesta.