Alle som er medlem av Den norske kyrkja og 15 år eller eldre i 2023 har stemmerett. For å stå på liste, må ein vere 18 år eller eldre. Ved kyrkjevalet skal ein velje både sokneråd og bispedømeråd for perioden 2023-2027.
Sokneråda har ein svært viktig funksjon i kyrkja. Dei skal handsame saker som gjeld kyrkjebygget,kyrkjegardane, og andre kyrkjesaker, og har ei aktiv rolle ved tilsetjingar i kyrkjelege stillinagar. Arbeidsoppgåvene for rådet er varierte og interessante.
Bispedømeråda er styringsorgan på bispedømenivå, og tilset mellomn anna prestane. Bispedømeråda utgjer hovedtyngda av Kyrkjemøtet.
Meir om Kyrkjevalet 2023 på kirken.no
Valurne Foto Kirkerådet
I 2023 kan du førehandsrøyste digitalt frå 10. august til 6. september