Diakoni og omsorg i Vestre Slidre

Vi har ingen diakon i Vestre Slidre no, dessverre. Stillinga blei borte i 2017 grunna nedskjeringar. Det er sjølvsagt beklagelig – vi skulle gjerne hatt denne ressursen.

Friviljugheitssentralen i kommuna søkjer etter besøksvenar for dei som spør etter det. Sokneråda har tatt på seg oppdrag å finne besøksvener, og kyrkjekontoret formidlar dette vidare til sentralen.

Ein besøksven er ein person som har jevnleg kontakt med nokon som ønsker nokon å prate med, gå tur med eller finne på anna. Det kan vere veldig «enkelt», ofte er samtale over ein kaffekopp nok. Kan du eller nokon du kjenner tenkje seg å vere besøksven, ta kontakt med oss på kyrkjekontoret eller friviljugheitssentralen.

Artikkelsnarveger