Mo kyrkjeruin ligg på vestsida av Slidrefjorden. Det er ikkje enkelt å seia når Mo kyrkje vart bygd, men formen på vindauget på den gjenreiste austveggen i ruinen er i utprega gotisk stil og mellomaldermyntar som vart funne under utgravinga og restaureringa av ruinen, viser at Mo kyrkje vart bygd i tida 1200-1250.
Mo kyrkjeruin ligg på vestsida av Slidrefjorden. Det er ikkje enkelt å seia når Mo kyrkje vart bygd, men formen på vindauget på den gjenreiste austveggen i ruinen er i utprega gotisk stil og mellomaldermyntar som vart funne under utgravinga og restaureringa av ruinen, viser at Mo kyrkje vart bygd i tida 1200-1250. Kyrkja var den minste av 3 steinkyrkjer i Valdres. Etter svartedauden og fram mot reformasjonen forfall kyrkja og området vart attgrodd av kratt.
I 1971 ba Riksantikvaren om at rydding og hogging på kyrkjetufta vert sett i gang, slik at ein kunne få grave ut og restaurert ruinen. Ungdomsskuleelevar med deira lærar Jahn Børre Jahnsen starta i 1972 rydding av kyrkjetufta, og sumaren 1977 vart avslutninga av mange års restaureringsarbeid markert med stort kyrkjestemne med både sokneprest og biskop tilstade.