Øyjar kapell ligg på vestsida av Slidrefjorden og høyrer til Røn Sokn. Før kapellet vart bygd, låg ein kyrkjegard på staden, som var i bruk. Den er ifrå 1300-talet, då Øye stavkyrkje var ei av soknets kyrkjer.
Kapellet vart teken i bruk i 1964, då hadde det gått 8 år sidan tanken på å byggje eit kyrkjehus eller gravkapell i tilknytning til Øye kyrkjegard vart lagt fram. Ei kyrkjeklokke som heng i tårnet og klokkene som heng i stupulen, er truleg frå Øye stavkyrkje. Dei er datert til 1300-1400-talet. Preikestolen er frå "gamlekyrkja". Han vart taken ned og flytt til Røn kyrkje då ho vart bygd, men kom "heim att" og fekk sin plass i Øyjar kapell. To hjørnestolpar, stavar, som vi trur er frå stavkyrkja, ligg på Valdres folkemuseum.