– Bygg vidare på tillit

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit mana til tillit i si tale under opninga av Kyrkjemøtet 2023. Les heile tala hans her.

Preses Olav Fykse Tveit på Kyrkjemøtet i Trondheim. (Foto: Kyrkjerådet)

Må sjekkast mot framføringa. 

Kjære Kyrkjemøte-medlemmer, statsråd, andre gjester, kollegaer i sekretariatet – kjære alle sammen!   

Olavsfest her i Trondheim dei siste dagane har hatt tema «tillit». Det er eit nesten for aktuelt tema, med tanke på både internasjonale kriser og nasjonale hendingar.  

Det er viktige oppgåver som ventar oss denne fjerde og siste gongen vi samlast, også. Vi er kalte til å utføre dei sammen, for heile kyrkja, ut frå det kvar og ein har å bidra med og overtyding. Difor er det også viktig å møtast med respekt og tillit til at vi alle vil kyrkja vel. Denne tilliten kan vi byggje på, og byggje vidare på, også når vi ser ulikt på ein del spørsmål.   

Luther får fram at tru er eit uttrykk for tillit. Å ha ein Gud er å ha nokon vi set vår lit til i all vår naud og ventar alt godt i frå. Det  uttrykkjer vi til dømes når vi ber om det daglege brød, som uttrykk for det vi treng, så som mat, helse, tenleg ver, gode naboar og trufaste vener.   

For oss her i nord høyrer ein god sommarferie til det vi ber om i så måte. Eg håpar mange har kome hit med energien frå gode sommaropplevingar i kropp og sinn. Det er gode grunnar til at vi i vårt velferdssamfunn har ei ferielov og dermed rett til sommarferie her i nord. I min forrige jobb med folk frå heile verda i staben, var eg stadig forundra over kor mange som ikkje gjorde noko for å planlegge sommarferie. Sommar kunne det vere på ulike tider av året, eller heile året, alt etter kvar ein kom frå på kloden. Dei forsto kvifor eg var så oppteken av det då dei kom til Trondheim på KV-møte midtsommars og skjønte at vi må få med oss lyset og sola Skaparen gir oss akkurat på denne årstida.   

Sjølv om det har vore mange skyer denne sommaren i delar av landet, som meterologane nærast har beklaga då dei har meldt dei som «dårleg ver», så har dei gjeve vatn til alt som skal gro, ikkje minst til det som skal gi næring og mat til dyr og menneske. For det er andre slags skyer som også har skygga for oss, og som er ein del av horisonten også for oss når vi samlast til Kyrkjemøte. Vi ser klimakrisas ansikt, seier ekspertane, enten som mangel på skyer og dermed hetebølgjer og brannar i Sør-Europa og i andre verdsdelar, eller som styrtregn og jordras i vårt eige land.   

Vi lever med krig i Europa, og vert nesten immune mot å ta inn over oss daglege meldingar om dei ufattelege lidingar folk har i Ukraina. Krigen fører også med øydelegging av mat, i forgårs av 40 tusen tonn korn i Odessa!  Det kjem ikkje til dei som sårt treng den i andre delar av verda.   

Ei av dei store og tunge bøker vi fekk før ferien, var rapporten til Stortinget frå Sannhets- og forsoningskommisjonen. Den fortel om eit voldsomt tillitsbrot mellom storsamfunnet og tre minoritetar i Noreg, samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Vedtak frå Stortinget om fornorskning førte til neglisjering og nedbryting av identitet og respekt for foreldras verdiar og språk. Til og med forbod mot å bruke språket sitt i skule og andre samanhengar. Kyrkjas rolle i detta har vore tvetydig, dels som reidskap for å gjennomføre dette, dels som arenaer for å ivareta noko av t.d. den samiske språk og kultur. Dette set seg i kropp og sinn, og vert nedarva frå generasjon til generasjon, og vekt til live igjen med nye opplevingar og konfliktar langs desse linjene som vi har sett i Fosen-saka. Ein av dei siste dagane såg eg her filmen Rett og urett. Ein dokumnetar frå Tysfjord som viser kvifor den bygda har eit eige kapittel i rapporten. Alt dette kulminerer der, i fortid og i notid. Og eit medlem av KM, Rolf Steffensen, er ein viktig del av historia som blir fortald. Sjølv fekk eg høve til å besøke bygda og møte folk der i juni, mellom anna saman med fung biskop i Sør-Hålogaland, Svein Valle, og generalsekretæ i Samisk Kirkeråd, Kristina Labba.  

Både samtalen i kyrkjehagen med andre aktørar i samfunnet om denne tematikken like før, og samtalen mellom aktørane i filmen etter den vart vist på kino her, får fram at det trass alt er både ei forventning og ei veksande tillit at kyrkja kan bidra med å skape forandring og forsoning no. Eitt av vilkåra for det er at kyrkja som del av storsamfunnet og dets representantar innser at vi alle har tapt med det som har skjedd, og at vi lyttar oss inn i kva for synd frå storsamfunnet dette handlar om -  og kva for urett og skam som er påført minoritetane. Denne gryande tilliten må vise oss verdige i det som vi skal gjere saman som kyrkje i tida som kjem.  

Også kyrkja er underlagt kveitekornets lov som Jesus heldt fram: Vi vert utfordra på vår tillit til at det vert noko nytt når vi plasserer det i svarte molda. Men utan at vi gjer det, vert det ikkje noko meir. Å følge Kristus er å vere viljuge til å gi noko av oss sjølve, til og med å la noko døy, for at noko nytt skal kunne vakse fram. Men Gud vil og kan bruke kyrkja, oss, til ei forsoningsteneste i verda, til å skape noko nytt, til å gje andre mot og kraft til å sjå framover.   

Vi har hatt to generalforsamlingar i våre internasjonale økumeniske organisasjonar det siste året, og ein til som kjem i september, som kvar på sitt vis tek opp temaet om tillit. Og i dei alle tre er det tilliten til at Gud kan skape forandring, forsoning og håp gjennom oss som kjem til uttrykk. Kirkenes Verdensråd (KV) samlast i tru og tillit til at «Kristi kjærleik bevegar verda mot einskap og forsoning». Det er eit ord mot straumen, slik det kristne håpet ofte er. Det lutherske verdsforbundet (LVF) samlast neste månad i Krakow i Polen om eit anna bibelsk tema «Èin kropp, èi ånd, eitt håp». Kyrkja ber ved Den Heilage Ande som eitt fellesskap, ein kropp, med eitt håp for verda Gud har skapt og elskar. Det er noko som er større enn oss og våre skilnader, og som samlar og driv oss framover. Den europeiske kyrkjekonferansen var i juni i år samla i Tallinn i Estland med temaet «Forme framtida under Guds velsigning».   

Det er i tillit til at vi har Guds kall, men også i tillit til Guds Andes kraft og Guds velsigning, at vi som kyrkje skal uttrykkje vår tru på Gud - som tillit. Det er å halde fram håpet – ofte mot mange andre stemmer og hendingar i tida. Det gjer at vi må spørre oss sjølve korleis alt vi gjer og alt vi formidlar som kyrkje kan skape håp for menneske og skaparverket.   

Når vi møtest her og har krevande saker på dagsordenen, er det viktig å arbeide med dei i denne horisonten. Ikkje som ein slags bagatellisere av åre saker og det vi skal arbeide med og vedta, men for å sjå det i eit lys som kan gi oss både rette proporsjonar og progresjon i arbeidet vårt. Vi heldt på med dette i ein større samanheng og med eit større formål enn oss sjølve.   

Måtte Gud velsigne oss alle sammen i dagane som kjem, og gi oss både klokskap og vilje til å fylle vår oppgåve som Kyrkjemøte for Den norske kyrkja. Denne kyrkja er det Gud har gitt oss, og som vi er sett til å representere og styre slik at ho er til velsigning og forsoning for dei mange.  

Godt kyrkjemøte!         

Trondheim, 4. august, 2023   

(Preses' tale kan du laste ned i lenke lenger ned på sida)

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Bispemøtet

Besøksadresse:
Kirkens Hus, Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:
Mandag-fredag
kl. 08.30-15.30 (15.00)

Postadresse:
Bispemøtet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

E-post: bispemotet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Telefontider:
Mandag-fredag
kl. 09.00-15.00

Ansvarlig redaktør
Jorunn Strand Askeland (konst.)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"