Alphakurs er avlyst

Vi prøver igjen seinare. Alpha kurs høver svært godt for alle som ønskjer å vite meir om kristen tru, eller for dei som er heilt nye i trua på Jesus Kristus. Oppstart: Onsdag 18. november 2020 kl.19.00-21.30 på Sande kyrkjelydshus, fem onsdagar før jul og fem onsdagar etter jul.

Alphakurs er avlyst

Kven?
Gaular sokneråd inviterer til Alpha-kurs i Gaular.
Førelesar: Sokneprest Frode Skeide
Det blir gruppesamtalar med gruppeleiar

Kvar?
Kyrkjelydshuset på Sande

Kvifor?
Vi vil snakke om nokre av livets mange og største kvifor?
Kvifor eksisterer vi? Er det ei meining med alt? Kan livet vere noko meir enn dette?
Kven var Jesus eigentleg?
Korleis kan me vite at Jesus ikkje var ein bedragar? Har han i det heile levd?
Kan me stole på det som står i Bibelen? Kva veit me eigentleg og kva svarar seriøse forskarar på dette?
- Og kva med andre religionar?? Er religion ein ressurs eller eit problem??

Det er slett ikkje sikkert du får alle svar på dei store spørsmåla i livet gjennom eit Alpha kurs. Men det er utruleg kjekt å kunne tenkje saman med andre om dette på ein uformell måte utan at ein heilt har fasiten!

Alpha kurs vart først utvikla i Den anglikanske kyrkja og har vist seg å fungere svært godt for alle som kjenner seg litt i ”utkanten” av kyrkja og trua, men som likevel er litt nysgjerrig? Tru er interessant, men dog på litt avstand? Eller ”kjenner meg slett ikkje i ”utkanten”, men vil likevel vite litt meir?”

Dette kurset høver svært godt for alle som ønskjer å vite meir om kristen tru, eller for dei som er heilt nye i trua på Jesus Kristus.

Kurset har vore prøvd og meir enn 160 land og over 16 millionar menneske har delteke på Alpha.


Typisk kurskveld ser slik ut:
kl.19.00 Kveldsmaten står klar
kl.19.30 Vel møtt!
kl.19.40 Me syng oss saman
kl.20.00 Undervisning
kl.20.45 Kaffi
kl.21.00 Smågrupper
kl.21.30 Avslutning

Pris:
Soknerådet vil gjerne gi kursavgift og materiell gratis.
Kurskvelden startar med kveldsmat og ein betalar litt (50 pr. gong) for å dekke kostnader til maten.
Festmiddagen til slutt vil koste 200 kroner.

Påmelding til:
95100916 eller
frode.skeide@sunnfjordkyrkja.no
Hugs namn, adresse og telefonnummer.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"