Fotball er ikkje alt!

Eg er ikkje interessert i fotball! Kanskje er det fordi eg har nesten berre dårlege minne frå fotball. Det første frå eg var heilt liten. Mine to eldre brør som var 8 og 10 år eldre enn meg spela fotball i lag med nokre kameratar. Dei fann på at eg kunne stå i mål. Så skjer det: Ein av ungdomane dundrar av ein ball mot mål med full styrke på kort hald – og treffer meg rett i magen. Ballen slår pusten ut av meg! Eg ligg på bakken, gispar etter luft og vrir meg i smerte. Han som sparka ballen lo.

Fotball er ikkje alt!

Brørne mine skjønar at det er vondt og kjeftar på han som sparka ballen så hardt mot ein liten gut. Etter dette vart eg redd ballen. Eg snudde meg om eg trudde nokon kom til å sparke ein ball mot meg. Kanskje gjorde dette at eg aldri vart glad i fotball.

Det gjorde det ikkje betre å vere blant dei to-tre siste som vart valde med på laget i gymmen – det kjentes som eit nederlag kvar einaste gong. KVAR einaste gong!! Eg hata den kjensla og kjenner det framleis treff meg i magen, litt som den første ballen som fekk meg til å hive etter pusten. Var det fotball, - og det var det ofte både i gymmen, i friminutt og i fritida, så kjente eg meg utafor. Det gjer vondt å kjenne seg utafor. Eg var likevel heldig – eg hadde andre arenaer der eg hevda meg godt – eg likte meg på skulen. Berre det ikkje var fotball….

Det å kjenne seg utafor og åleine, - som ein tapar, er ikkje godt. Søndagens tekst handlar om det. Jesus møter ei kvinne som utestengt frå det gode selskap. Det skjer ved ein brønn. Midt på heitaste dagen. Då kjem ho gåande med vasskrukka si. Dei andre kvinnene henta vatn om kvelden. Men denne kvinna kjem midt på dagen. Ho ber med seg meir enn ei vasskrukke. Ho ber på ei skam. Livet hennar har ikkje lagt seg til rette for henne slik ho sikkert ein gong drøymde om. Difor kjem ho slik. Heller stikk frå ei brennande sol enn dei mange stikk ho kjenner svir i henne når dei andre er der. Tisking og kviskring, skjelmske blikk og latter. Det er slik dei er mot henne. Det gjer vondt!

Kvinna hadde nok ingen tanke om at denne dagen kom til å bli annleis enn dei andre. Ho ser rett nok at det er ein mann ved brønnen. Men ho kan sjå at han er ikkje av hennar folk, samaritanarane. Det er ein jødisk mann. Ein jødisk mann unngår å snakke med ein samaritanarar, mest på grunn av religiøs usemje. Ein jødisk mann snakkar heller ikkje til ei einsleg kvinne åleine, og i alle fall ikkje til ei einsleg samaritansk kvinne. Så ho går fram og reknar med at han kjem til å oversjå henne. For ein gongs skuld kjentes det sikkert heilt greitt.

Jesus overser henne ikkje. Tvert om. Han ser henne. Og han snakkar med henne. Ber henne om ei teneste. ”Korleis har det seg”, seier kvinna, ” at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?” Den vidare samtalen gir ei stund kvinna tilsynelatande ei ny og frimodig kjensle, no når alle dei som veit om hennar skam ikkje er der. Ho svarar og nærast iretteset Jesus med eit slags ”kven-trur-du-at-du-er?” Vendepunktet skjer når Jesus konfronterer henne med hennar skam. Då er ho der att. Liten. Utafor. Eit stikk av smerte. Var det slik? Det er då eg skulle likt å fått vere som ei fluge på brønn-veggen, sett og sansa kva det var som gjorde at ho ikkje berre snudde seg vekk og gjekk derifrå medan endå eit stikk svei i hennar sjel.

Kanskje var det heller noko i retning av dette som skjedde?
”Frode, eg ser at du er redd for ballen og at du ikkje trivast når me har fotball. Kan du sei litt om kvifor det er slik?”
- Tenk om gymlæraren hadde sett meg, teke meg til side og sagt noko slikt? Oppmuntra meg og sagt: ”Det kjem til å bli betre, di tid kjem og du kjem til å klare deg bra – fotball er ikkje alt!” Eller endå betre: Sette opp laga på ein annan måte. Det enkle kan ofte vere det beste…

For meg er det godt å vite at Jesus ser meg og veit. Eg treng ikkje framstå som betre enn eg er, han veit om mine svake sider og alt eg ikkje meistrar. Han heiar på meg likevel! Bryr seg. Ser meg. Forstår meg. For han veit korleis det kjennes. Når Jesus dør på krossen er det ikkje dei fysiske smertene som får han til å skrike, men kjensla av å vere åleine. Forlaten. Utestengd. Gløymd. Oversett. Det gjer vondt det!

Les gjerne heile forteljinga om Jesus og den samaritanske kvinna. Du finn den i evangeliet etter Johannes, kapittel 4. Kva er di rolle om du tek kvinna sin plass?

Å bli sett og rekna med set fri! Dette er også ei forteljing om kor viktig denne kvinna vart for andre. Mange, mange andre! I dag, over 2000 år etterpå kjenner eg at ho framleis inspirerer meg. ”Det kjem til å bli betre, di tid kjem og du kjem til å klare deg bra – fotball er ikkje alt!”

3. søndag i openberringstida – Johannes 4,4-26

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"