Velkomen til påskegudsteneste!

Her i Gaular har det i mange år vore halde påskenattsgudstenester, men korona har stukke kjeppar i hjula for mangt. No vil vi prøve å få det til igjen i år. Påskenattskoret er eit prosjektkor som blir samla og løyst opp att same kvelden/natta. Songglade menn frå heile Sunnfjord og nabokommunane er hjarteleg velkomne. I år blir det i Bygstad kyrkje påskeaftan klokka 23.30. Kvelden startar med øving kl. 21.30. Det blir pause med ein matbit før gudstenesta. For dei som har vore med før, blir det likt det som har vore. For nye vil det vere ei spesiell oppleving med mektig mannskor. Det aller meste er unison song, så det er lett å lære når mange kan det frå før. Er du interessert, meld frå til kantoren vår, Asbjørn Flåm på e-post: asbjorn.flaam@sunnfjordkyrkja.no, eller tlf: 92427287. De som har vore med før, prøver å få med fleire. Saman får vi oppleve overgangen frå mørkret og døden til ljoset og livet. Vel møtt.

Velkomen til påskegudsteneste!

Skjærtorsdag
Hestad kapell kl.11.00
Bygstad kyrkje kl. 19.00

Langfredag
Viksdalen kyrkje kl.19.00

Påskenatt
Bygstad kyrkje kl.23.30

Påskedag
Sande kyrkje kl.11.00
Viksdalen kyrkje kl.14.00

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"