- Eg ser fram til å koma attende

Benjamin Fjellheim Olsen har fått sin aller fyrste prestejobb. Han tek fatt som ny sokneprest i Kvam og Skåbu frå 1. juli 2024. Før han kjem må han berre gjere ferdig dei siste studievekene.

Benjamin Fjellheim Olsen foran altertavla i Kvam kyrkje. Foto: Jens Petter Ous

Åtte år har han bak seg på VID Vitenskapelige Høgskole i Stavanger for å få sin prestetittel Cand Theol. Nå gler han seg til å bruke kunnskapen i møte med innbyggarane i dei to sokna i Nord-Fron. «- Eg gler meg til å bli betre kjent med folket, naturen og fjellområda», seier Benjamin.

Vil vere ælminneleg

Fjellheim Olsen er opphaveleg frå Gjøvik der han vaks opp med mor, far og ein eldre bror. Bestemora tok han fleire gonger med til kyrkja på gudsteneste. Familien var knytt til Engehaugen kyrkje der Benjamin både er døypt og konfirmert. Han vart med i leiarutviklingsprogrammet som kyrkja i Gjøvik har starta og vart med som konfirmantleiar og etter kvart leiar på fleire Lys våken arrangement. Han fekk jobb som kyrkjetenar i 2014  og har vikariert som det i ti år i Gjøvik.

Nå er det Kvam og Skåbu som ventar. Benjamin er ikkje heilt ukjend i området. Han hadde fem veker med stiftspraksis her i februar og mars. Da arbeidde han også i Skåbu og Kvam og møtte mange folk i kyrkjene. Han treivst så godt at valet var lett når han fekk tilbodet om å gå inn som sokneprest for dei to sokna.

Kva for prest vil du vere?

Eg ønskjer å vere ein god og «ælminneleg» prest som barn, unge og vaksne kan lite på, seier Benjamin og seier han ønskjer å møte menneska med Guds kjærleik og Guds nåde. Han vil gjerne også fortelje folk om Jesus og kven han var.

Viktigast i starten vil det likevel vere å skapa gode arbeidsrutinar om korleis han best skal gjere oppgåvene sine i ein travel arbeidskvardag. Som ny prest ser han også det vil kunne bli ei utfordring å skilje mellom arbeid og fritid. Fritida likar han å godt å lese gode bøk og sjå filmar. Han likar også å gå tur, og da gjerne saman med andre.

Så da frøningar, er det berre å be med den nye soknepresten på tur!

Velkommen til Hamar bispedømme, Benjamin Fjellheim Olsen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"