Håp i pandemiens tid

I denne kronikken oppmodar Biskop Solveig oss til å syne kjærleik og omtanke til menneska rundt oss. Dei småe handlingane våre blir ekstra viktige i år, meiner ho.

Lat ventetida bli ei tid for håp, skriv biskop Solveig Fiske når vi nå går inn i advent. Foto: Liv Torhild Bråthen

«Det er mange ikring deg som frys.

Ver du eit bål, strål varme ifrå deg.»

Jula blir annleis i år. Vi lever i ei krevjande tid. Kjærleiken vår blir sett på prøve. Når vi treng kvarandre som mest, kan vi ikkje vera i lag. Når vi treng ein klem, må vi greie oss med eit smil gjennom ei glasrute. Den beste måten å vise kjærleik på nå, er å halde avstand.

- Den beste medisin for eit menneske – er eit anna menneske.

Sitatet er frå Jens Meinich, som stifta Raude Kross sin besøksteneste.

To forskarar, Lars Danbolt ved Religionspsykologisk senter ved Sjukehuset Innlandet og Gry Stålsett  ved MF- vitskapelege høgskule  har sett på korleis pandemien verkar inn på vår mentale helse. Svara dei har fått viser at mange blir isolerte, saknar kontakt og fysisk nærleik. Mange saknar å bli sett og bekrefta i det daglege, og fleire blir nedstemte med dagar prega av sakn, lengsel og ei bekymring for kor lenge dette vil vare.

Ute i verda blir kriser verre under pandemien. I Etiopia flyktar kvar dag 5-6000 menneske over grensa til fattige Sudan, der innbyggarane deler det vesle dei har med flyktningane. Kyrkjas naudhjelp har sett i gang hjelpetiltak i nært samarbeid med FN. Den verdsvide kyrkja er eit godt nettverk for å få fram vatn, helsehjelp og innsats mot kjønnsbasert vald og overgrep.

Berebjelken i kyrkja er nestekjærleiken. Ved å gi, vil du få. Gjennom å vere eit lys for andre, vil du også kjenne glede sjølv. I kyrkja kallar vi dette diakoni. Å ha omsorg for vår neste.

Eg  er imponert over innsatsen mange gjer i kyrkja og i ulike lag og foreiningar. Det er utruleg mange som har auge for det å bidra, og slik utgjera ein forskjell. Ja, som slik seier at vi bryr oss.

Søndag går vi inn i adventstida. Advent betyr «Herrens komme», og vi skal vente på Han som kjem. På mange måtar har det dobbel betydning i år, vi er i ei slags varig ventetid. Vi ventar på normale dagar, vi ventar på ei vaksine. Samtidig skal vi prøve å feire advent og jul så vanleg som vi kan få til. Kanskje er det slik at det å ta kontakt med kvarandre, skriva ein mail, senda eit julekort er viktigare enn nokon gong i år.

Lat oss gi kvarandre håp. Håp i ei stemme som ringer for å høyre korleis det står til. Håp i eit digitalt samtalerom der vi kan dele kvardagsgleder og  fortellingar om stort og smått. Håp i ei middagsgryte og nybakte brød til nokon du vil glede. Håp i ein pengesum til organisasjonar som Kyrkjas naudhjelp. Håp i å vise at vi bryr oss om kvarandre.

Halldis Moren Vesaas seier det så fint:

«Det hjelper da litt, nokre få forfrosne

At du er varm!»

Lat ventetida bli ei tid for håp.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"