Målpris til biskop em. Solveig Fiske

- Språket er ein viktig del av identiteten, sa biskop emerita Solveig Fiske i takketala si. I dag fekk ho Austmannaprisen 2023 for bruken av nynorsk.

Biskop emerita Solveig Fiske og leiar av Austmannalaget, Helen Johannessen ved utdeling av Austmannaprisen 2023. Foto: Guttorm Eidslott.

Prisvinnaren takka med nord-mørediktaren Hans Hyldbakk sitt dikt Vårsøg då ho tok imot Austmannaprisen 2o23 frå avdelinga til Noregs mållag på Austlandet. Prisen vart delt ut på laget sitt årsmøte 22. april 2023 på Lillehammer. 

Prisen er ei påskjøning frå Austmannalaget til personar eller institusjonar som i tale eller skrift har gjort framifrå arbeid for nynorsk mål og norsk kulturarv. Dette kan vera i forretningsliv, kyrkje, skule, kringkasting, lagsverksemd, offentleg styre og stell, ved å skrive om ymse emne på god nynorsk i aviser, tidsskrift og bøker, og ved skriftleg og munnleg arbeid for god norsk namneskikk og rett skrivemåte av norske stadnamn.

Snakk dialekt. Skriv nynorsk.

- Sjølv om eg har levd heile det vaksne livet på Austlandet, så ber eg med meg målet mitt, sa Fiske i takketala si. Ho sa det hadde gått fint enten det hadde vore i Hernes, Nordskogbygda og Sørskogbygda og for heile Elverum kommune der ho starta som prest- og seinare i Løten og etter det som personalsjef og seinare biskop i Hamar bispedøme. - Eg trur at folk har forstått kva eg har formidla, sa ho. 

Austmannalaget sa i grunngjevinga si at biskop emerita Solveig Fiske får prisen for bruken av nynorsk, munnleg og skriftleg i kyrkja og i sosiale medium. - Ho har vist at nynorsk også har sin naturlege plass på Austlandet og er eit førebilete for mange, også nynorskbrukarar, sa Helen Johannesen, leiar for Austmannalaget i samband med utdelinga.  

Solveig Fiske sa prisen var ei hyggeleg overrasking og særleg når ho såg kven som hadde fått den før.

Oversikt over andre som har fått Austmannaprisen 

Fiske har vore opptatt av nynorsken sidan ho var ung student på 1970-talet. – Eg hadde ein stor brun termos som hadde eitt klistremerke der det stod: «Snakk dialekt. Skriv nynorsk.»

Det har i grunnen vore eit slags motto for meg, i alle fall gjennomført å tala nordmøring avrunda den tidlegare biskop med glimt i auga.

Vi gratulerer biskop emerita Solveig Fiske med prisen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"