- Solide og opne kyrkjer

Kyrkjelydane på Bakklandet, Lade og Lademoen har sitt virke i Trondheim sentrum, mellom asfalt, trafikk og byliv. I desse bydelane finnes sterk identitet og tilhøyring. - Ein mogelegheitenes stad, konkluderte preses Olav Fykse Tveit etter bispevisitasen i området.

I sitt visitasforedrag understreka preses Olav sitt sterke møte med kyrkjelydane i den mest urbane delen av bispedømet.

- Tradisjonen er på plass. Dei tre kyrkjebygga (Bakke, Lademoen og Lade kyrkjer) har til saman med seg både historisk tyngde og moderne utforskartrang. Her er solide stabar, stor frivilligheit, gode rådsorgan og sterk organisasjon. Her er villige og engasjerte medarbeidarar og frivillige. Det er på ingen måte kyrkjelydar som byrjar på "scratch". Men solide og opne kyrkjer med stor mogelegheit for samhandling; både internt og eksternt, sa han i oppsummeringa si.

Preses i bispemøtet er også biskop og tilsynsmann for kyrkjelydane i Nidaros domprosti, mellom anna Bakklandet, Lade og Lademoen. I løpet av visitasen fekk han treffe tilsette, skuleungar, frivillige og politikarar og sjå lokalt kyrkjelydsliv, omsorgsarbeid og næringsliv i praksis. Han var også med på lanseringa av boka «Kirkeskipet - gudstjeneste på de minste barnas premisser».

Les meir om boklanseringa her.

- Eg har fått sjå kyrkjelydar som arbeidar målretta og utadretta. De er opptekne med kva for rolle de skal ha og de utforskar den i samspel med aktørar, institusjonar og partnarar kring dykk i lokalsamfunnet. Det gler meg, og eg vil seie: hald fram med det. Hald fram med å søkje samarbeidsrelasjonar i alle slags miljø. Gå ut til dei og lat opp kyrkja for dei. Det ligg opningar i det å vere eit sterkt og særskilt bygg midt i byen. Her vert så mange trådar samla. Tradisjon og framtid, ro og handling, stille røyster i varme rom, sa preses Olav etter visitasen i Lade, Bakklandet og Lademoen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"