Den gode leiaren Jesus

Andakt av Brigt Sigve Skeie, sokneprest i Rødøy

Tjongsfjord kirke. Foto: Brigt S. Skeie

Tekst: Johannesev. 10, 11-16

Når Jesus seier at han er ein god gjætar/hyrding, så meiner han om seg sjølv at han er ein god leiar og eit godt førebilete.

I påska feira vi at Jesus bar våre synder og tok på seg syndas straff. Men han tok ikkje ansvaret ifrå oss menneske. Ein gjætar gjev ikkje sauene mat når dei er ute i naturen, men leier dei til plasser der det er vatn og mat å finne. Dei må sjølv ete og drikke. Sauene kan følgje gjætaren, eller gå sine eigne vegar.

Eg har ofte tenkt at sauene som er ute på fjellet om sommaren kan ha ulike dagar. Nokre gonger er det flott vær, flott natur og rikeleg med vatn og mat. Då må det vere heilt topp å vere sau, tenkjer eg. Men andre dagar er det kaldt og surt, og då ser det ikkje ut til å vere så kjekt å vere sau.

Slik er vel livet også: det er ulike dagar. Både på våre gode og våre vonde dagar kan vi få ha Jesus som vår leiar.

Ein gong eg var på reise i Iran og skulle sjå på eit steinknuseri langt ute på landsbygda, kom det ein stor saueflokk med 1 gjætar og 1 hund. Det var ettermiddag og dei var på veg tilbake til innhegninga for natta. Gjætaren var med sauene heile tida. Dei var ikkje overlatt til seg sjølv, slik norske sauer ofte er det på fjellbeitet. Gjætaren ropte på sauene og dei følgde han heim.

Vi skal få vere Guds born. Ha ein omsorgsfull Far i himmelen, som ser oss som er på jorda, ser oss kvar einaste dag. Han ønskjer føre oss til stader der vi får næring for trua vår og der vi finn kvile og styrke for livet her på jorda.

Etter at Moder Teresa hadde fått Nobels fredspris vart ho invitert til å ha foredrag på ein stor konferanse for europeiske bedriftsleiarar. Ho hadde ikkje noko langt foredrag: ho stilte berre nokre viktige spørsmål som fekk tilhøyrarane til tenkja. Spørsmåla vart bl.a. Kan dei du er leiar for merke at du er interessert i dei og bryr deg om dei? Kjenner du dei du er leiar for?

Ein god leiar skal kjenne og ha omsorg for sine tilsette eller dei ein er leiar for. Jesus seier om seg sjølv at han er ein slik leiar: Han kjenner sine «sauer», og dei kjenner han. Han var ikkje sjølvopptatt og tenkte berre på seg sjølv. Han var ein tenande leiar: var der for å gjere det beste for dei som han var leiar for. Han gjorde slavejobben: vaska dei skitne føtene til disiplane på Skjærtorsdagen. Han brydde seg ikkje om å verte kritisert for å ha kontakt med alle slags menneske.

Om Jesus er ein god leiar, så betyr ikkje det at alle han leier får kun gode, behagelege dagar! Han er ein god, omsorgsfull leiar også på våre vonde, uforståelege og usikre dagar!

 

Brigt S. Skeie

Sokneprest i Rødøy

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"