Å vere på vandring, sakte vandring i Guds skaparverk, kan gje gode tankar. Møta med andre kan gje fine samtalar. Det å vere underveis med lite bagasje frå stad til stad mot eit mål, innbyr til refleksjon og kan gje eit større perspektiv over livet.
Tid til stille og bøn, vekke frå PC og mobil, forpliktingar, forventningar og krav på arbeid, i heim og fritid er ei god investering i eige liv. Å være på retreat er ein fin måte å ta vare på si sjel, det andelege livet.
Utstein pilegrimsgard
Interessa for stille, bøn, refleksjon og vandringar veks i vår tid. Stavanger bispedømme har retreat og pilegrimsarbeid som eit satsingsområde, og har etablert Utstein Pilegrimsgard som senter for retreat og pilegrimsarbeid.