Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

På vandring, i livet og i naturen

Å vere menneske er å vere på vandring gjennom livet, frå fødsel til død. Mange har erfart at vandringar i naturen og tid til stille og bøn kan vere ei hjelp til livstolking og livsmeistring.

 

Å vere menneske er å vere på vandring gjennom livet, frå fødsel til død. Mange har erfart at vandringar i naturen og tid til stille og bøn kan vere ei hjelp til livstolking og livsmeistring.

Å vere på vandring, sakte vandring i Guds skaparverk, kan gje gode tankar. Møta med andre kan gje fine samtalar. Det å vere underveis med lite bagasje frå stad til stad mot eit mål, innbyr til refleksjon og kan gje eit større perspektiv over livet.

Tid til stile og bøn, vekke frå PC og mobil, forpliktingar, forventningar og krav på arbeid, i heim og fritid er ei god investering i eige liv. Å være på retreat er ein fin måte å ta vare på si sjel, det andelege livet.

Interessa for stille, bøn, refleksjon og vandringar veks i vår tid. Stavanger bispedømme har retreat og pilegrimsarbeid som eit satsingsområde, og har etablert Utstein Pilegrimsgard som senter for retreat og pilegrimsarbeid.

Her finn du programmet på Utstein Pilegrimsgard den nærmaste tida.

Kontaktinformasjon for Stavanger bispedømme

Stavanger bispedømme

Lagårdsveien 44

4010 Stavanger

Stiftelsen Miljøfyrtårn

Telefonnummer: 51 84 62 70

Epost: stavanger.bdr@kirken.no

Åpningstider: 08.30-15.00