Retreat

Retreat vil seia å trekkja seg tilbake for å finne kvile, indre samling og orientering i den livssituasjonen du er i. På retreat kan du fokusera på Jesus og på ditt forhold til Ham.

Retreat er prega av stillheit, ettertanke og vegleiing. Måltidene skjer i det stille, dei fleste til musikk. Stillheit hjelper oss til å lytta til vårt eige hjarte og til Guds stemme.

Gudsteneste med nattverd, samtale med vegleiar, de faste måltidene og ein stille kveldssamling gir ramme for dagane. På enkelte retreater er det undervisning eller innspel til utvalde tema. Vandringar i det vakre landskapet høyrer med. Utover dette legg den enkelte deltaka opp innhaldet i samarbeid med sin vegleia.

Den enkelte oppmodas til å kjenne etter kva han/ hun lengtar etter og kva Gud leier og inviterer til.

Lengselen er ledetråden i retreatprosessen. Den daglege samtalen eller undervisingen hjelper deg til å oppdage korleis Gud taler til deg, og korleis du kan svare på Guds tiltale.

Her finn du eit variert program for tida som kjem.

Sjå nettsidene til Utstein Pilegrimsgar her

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"