Råd for å planleggje ein flott dåpsfest – enkelt og utan stress

Slik lagar du ein flott fest utan at det veltar familien og økonomien. Her er ei rekke enkle råd og tips for å gjere dåpendagen til ein flott fest, utan stress.

Dåpen er lik for alle, men dåpsfesten er ikkje det. Korleis kombinerer ein  vakenetter, ammetåke og slunken sparekonto med det å lage ein fin fest?

Det finst ingen reglar for om eller korleis ein skal arrangere selskap etter barnedåpen i kyrkja. Likevel synest mange at dåp er ei fin anledning for å samle vener og familie.

Skal de invitere til selskap, så start planlegginga av det praktiske i god tid, slik at alle kan få like stor glede av dåpsdagen. Slik lagar du ein flott fest utan at det veltar familien og økonomien.

Her er ei rekke tips for å gjere dåpen til ein flott fest, utan stress.

Råd for å planleggje ein flott dåpsfest – enkelt og utan stress

  1. Start planlegginga. 
    Start dåpsfestplanlegginga med spørsmål som: «Kven gjer vi dette for? Oss sjølve, andre, barnet?» og «Kva vil det seie å feire dåp?». I planlegginga bør du bruke tid på det som betyr noko for deg.
  2. Spør deg sjølv kva du likar å gjere. 
    Synest du mat er gøy, så lag god mat, og ta litt lett på det andre. Er du glad i å dikte, så skriv noko fint. Synest du pynting er gøy, så set inn støyten der.
  3. Involver andre. 
    Dåpsfestplanlegging blir best når fleire er involverte – på ein god måte.
  4. Kvar skal dåpsselskapet vere? 
    Det aller rimelegaste er å ha festen heime hos dykk sjølve eller hos ein annan familie. Du kan òg høyre om kyrkja leiger ut lokale. Mange stader er det kyrkjelydshus som ein kan leige for ein rimeleg pris.
  5. Servere mat i dåp. 
    Ein treng ikkje å servere middag, både kyrkjekaffi og lunsj fungerer fint. Gudstenesta er jo som regel ferdig ved lunsjtider. Men det er lurt å seie frå til gjestene om dei får lunsj, kaker eller middag. Spør om nokon kan bake for deg. Tilby deg å bake for dei når dei har behov ein annan gong. Kjøp inn is og chips – da treng du ikkje så mange kaker.
  6. Kva skal barnet ha på seg? 
    Dåpskjole kan lånast, spør gjerne kyrkja eller vener. Eller bruk eit anna antrekk. Om du ønskjer å sy dåpskjole sjølv, finn du mønster her.
  7. Kva gir ein i gave i dåp? 
    Barnet treng ikkje dåpsgåve frå dykk som er foreldre. Barnet treng berre tida og omsorga dykkar.

Enkle, geniale tips til pynt i dåp

  1. Bruk gjenbrukspynt.
    Besøk bruktbutikkar for å finne rimeleg pynt. Ønskjer du å pynte med kvite dukar, kan du kjøpe dei rimeleg her – og ta dei fram igjen til konfirmasjon. Lysestakar og blomstervasar kan du òg finne her, dersom du ønskjer det.
  2. Heng pynt i taket.
    Ballongar, duskar, rislamper, vimplar eller noko anna – da blir det fest på ein, to, tre. Det som blir hengt opp, kan ofte festast med teip. Lett å ta ned att.
  3. Finn ein farge eller eit tema som utgangspunkt.
    Deretter går de gjennom skuffer og skap og finn det som passar. Vel du blått som tema, kan du bruke alt du har som er blått.
  4. Pynt med leiker som bordpynt i dåpen.
    Er det ein fest der du kan pynte med leiker, så er det dåpsfesten. Kva med å pynte med Brio-tog, plastdyr eller papirdukar som barna kan teikne på?
  5. Blomar som pynt i dåp.
    Ønskjer du å pynte blomar til dåp er det fint å bruke blomar med stort volum. Eksempler er brureslør, grøne planter frå naturen, hortensia som kan delast opp og plasserast i mange vasar.

Tips og råd til sjølve dåpsdagen

  1. Kjenn på augneblinken i kyrkja
    Nyt høvet til å nyte augneblinken og senke skuldrene i kyrkja. Der er det presten som har ansvaret og du kan kjenne på at du ikkje er åleine. Kjenn at du og bornet er omgjeven av vener, familie og kyrkjelyden som bryr seg og vil hjelpe.
  2. Spør om hjelp
    Engasjer vener og familie til å vere igjen etter festen eller halde barnet i armane ei stund så du som er forelder får spist.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"