Jul på Søreide i gamledagar

Jula var annleis då Else og Kåre Søvik var born på Nesttun og i Søvika. Særleg vart jula prega av krigsåra.

Else og Kåre Søvik. Foto: G.E. Kristoffersen

Då Else og Kåre Søvik var born, var det snø heile vinteren, sjølvlagde julegåver og tyske okkupantar som lengta heim frå Noreg. Sjølv om dei hadde trongare kår då enn no, trur dei høgtidskjensla var lettare å finne den gongen.

Kåre Søvik er oppvaksen på ein gard i Søvik, som den yngste i søskenflokken. Fødd i 1934 vaks han opp i eit område med få folk og landlege omgjevnader.

- Søreide var ei bygd for seg sjølv. Det gjekk eit skilje, der ein snakka om dei som budde innom eller utom Nordåsvatnet. Alle visste om kvarandre, og det var godt samhald i den store skulekrinsen, fortel han.

Då jula nærma seg, bar livet på garden preg av det. Alt det grove arbeidet måtte gjerast unna i tide før høgtida, slik at ein hadde tid til å vere i lag. Ein førebudde seg godt, slik at tida i fjøset med dyra ikkje skulle ta for lang tid. Juletreet var ei furu, hoggen i eigen skog. Det var ikkje viktig at treet var stort, men pynta vart det, med norske flagg og nokre glasskuler. På garden i Søvik har dei framleis noko av den gamle juletrepynten i bruk.

På julaftan åt Kåre og familien alltid lutefisk. Fisken hadde dei fiska og luta sjølv, og den vart servert med sjølvdyrka poteter og gulrøter og med smelta i smaletalg (sauefett) oppå. Det var ikkje mykje av maten som var handla inn frå butikk. Dei nytta det meste av det dei dyrka sjølve. Fram mot jul var det mykje som vart baka til høgtida, som sandkaker og lefser. Flatbrød baka dei og, men det vart gjort tidlegare på hausten. På hausten vart det og plukka og samla nøtter i hasseltrea i den frodige Søvika.

- Det var mest som eit kappløp med ekorna for å ha nøtter til jul, ler Kåre.

Julegåvene var først og fremst ting ein hadde strikka eller sydd sjølv. Ein fekk ting ein trengde. Else hadde og ei tante og ein onkel i byen, og frå dei fekk borna fine, store «by-ting». Julegåvene var mest symbolske, men at det var like fullt stas å få noko nytt til jul, er dei begge samde om. Dei fleste hadde lite då dei vaks opp.

Sjølv om dei hadde lite, hugsar Else at før jul bruka dei samle saman noko som dei gav til menneske som hadde endå mindre enn dei sjølve hadde.

– Det kunne til dømes vere ei bok eller eit spel som vi hadde hatt og som vi var ferdige med, fortel ho.  – Vi pakka dei ikkje inn som julegåver, men gjekk på besøk og ga det bort. Leikane gjekk ikkje vidare til neste generasjon, men vart gjevne til born i bygda som trong dei meir enn oss.

Else vaks opp på Nesttun, i eit bygdesentrum som var annleis enn den rolege Søvika og Søreide der Kåre budde. Dei to var barn under den andre verdskrigen. Else seier at jo meir ho tenkjer på det, jo meir ser ho at krigen prega barndommen hennar.

Dei hadde lite kontakt med tyskarane, men dei var ikkje redd dei. Ungdomshuset på Søreide hadde tyskarane okkupert. Kåre fortel at Odd Søreide, som Oddamarka er oppkalla etter, var leiar i ungdomslaget då tyskarane kom. Han sørga for å berge unna pianoet i ungdomshuset og tok det heim før tyskarane overtok huset. Før jul forhandla tyskarane med han at dei skulle få låne pianoet i juletida, slik at dei kunne feire jul på tysk vis der.

Både Kåre og Else tenkjer tilbake på dei tyske soldatane som var her, som heilt alminnelege menneske. Dei var unge gutar som ikkje hadde kome til Noreg av eigen fri vilje. Else hugsar at ho kunne sjå at særleg dei yngste soldatane lengta heim, og ho at ho synes synd i dei. Men borna hadde fått streng beskjed om at dei ikkje skulle snakke med tyskarane. I nærleiken av Else sin barndomsheim på Nesttun var det ein offisersbustad, og offiserane såg ein annleis på enn dei unge soldatane.

Sidan Else vaks opp på Nesttun, var ho vand med å gå i Birkeland kyrkje både julaftan og første juledag. Frå garden i Søvik var det derimot vanskeleg å kome seg til kyrkja vinterstid, særleg i krigsåra. Vegen til Nesttun og Birkeland kyrkje var lang, men det hende dei gjekk over isen til Skiparvika og gjekk vidare til kyrkja derifrå. På bedehuset i Dolvik var det preik ein av juledagane, så der bruka dei gå. Bedehuset var rekna som ein nøytral stad der det var lovleg å samlast under krigen.

Else og Kåre seier dei ser litt med undring på korleis det no er rundt oss fram mot jul.

- Handelsstanden kappast om å selje mest til jul frå oktober av, seier Kåre, - slik var det ikkje i vår tid. Eg trur kanskje det er vanskelegare å få den same kjensla av høgtid, når ein vassar i overflod heile tida fram mot jul.

Han seier han ikkje vil dyrke korleis dei hadde det, men medgir at han trur oppvekst i trongare kår har gitt han verdifull kunnskap.

- Pengane skulle vare, rasjoneringskorta skulle vare, og maten skulle vare. Eg trur det å ha lite, lærte oss respekt for maten.

For Else var lukta av pinnekjøtet som hang på kjøkenet noko som varsla adventstid. Det salta kjøtet kom på hausten frå heimgarden til mora hennar i Samnanger. Men det var ikkje snakk om å smake på det før julaftan!

- Det einaste julepreget i tida før jul, fortel ho – var at det var ein fin avslutning på skulen og søndagsskulen. Og så øvde vi på julesongane fram mot det. Dette er ein stor kontrast til korleis det er i dag.

- Kva er det beste minnet de har frå barndomsjula?

- Alt var godt med jula! seier Else.

- Det beste minnet frå jula, er kjensla av fellesskapet, å kjenne at ein høyrde til, fortel Kåre. – Det at ein sat i lag rundt bordet, godt kledd og med god mat var så annleis enn den tronge kvardagen. På første juledag var det ikkje lov å gå på besøk, men alle i familien sat samla i stova og spelte spel og snakka saman. Slikt skapte fellesskap og høgtid.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"