Ukens salme: Du er mi øy i havet, Gud

Vi vil være sammen! Syng ukens salme med Torvastad og S:ta Birgitta församling.

Ukens salme: Du er mi øy i havet, Gud

Du er mi øy i havet, Gud, NoS 334

T Sverre Halte 2009, fritt etter keltisk kveldsbønn
M Norsk folketone (Rindal, Nordmøre)

1  Du er mi øy i havet, Gud
ei stø for mine føter.
Du er eit vinddrag mot mi hud,
ditt kjærteikn som eg møter.
Du er ein stavstill fjord,
min salme utan ord.
Du er eit fuglekor som kved,
der får eg lov å syngje med.

2  Du er ein bårerygg som bryt,
der får eg sjå ditt velde.
Du er ei elv som roleg flyt,
ho er mi nådekjelde.
Du fjøre er og flod,
i rytmen finn eg ro.
Du er eit hav kring heile meg,
der er eg evig eitt med deg.

 

No har det nesten gått automatikk i å skjerme seg. Vaske seg - halde avstand, ikkje kome nær andre. Når eg ser bilete eller film frå før koronatida, av folk som sit saman på ein benk og spiser is, eller trenger seg saman i kø eller på bussen så grøsser eg heilt automatisk av kor uforsiktige og tankelause dei er. Før eg tenkjer etter og hugsar at - jamen, ein måtte jo ikkje halde avstand før, i "gamledagar".

Derfor var det så herleg at denne salmen smilte til meg frå salmeboka i dag, og sa - lat oss ikkje gløyme at me er eitt. Me ER eitt og saman, på så mange måtar.

Alle menneske på heile jorda (utanom på Antarktis og den Internasjonale Romstasjonen, trur eg!) deler denne tida. Dette kapittelet i verdshistorien. Det er ikkje verdas fyrste pandemi, men det er kanskje fyrste gongen me har kunne delt erfaringar frå alle verdshjørne så fritt, med internett.

Og då eg skulle leite fram film til denne salmen, dukka sannelig min tidlegare medstudent Ingrid E. Berg Tobiassen opp på youtube - presentert som tidlegare medstudent av svenske den kyrkjemusikaren Mika Lidén - som legg ut ein dagleg salme under koronatiden. 

Me ER eitt og saman. I denne salmen får me vere eitt med Gud og naturen.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"