Ukens salme: Ja, vi elsker!

Vi vil vere saman! Nokon dagar merkar me avstanden meir enn andre. Nokon dagar kan me å elske.

Ja vi elsker, NoS 755

T Bjørnstjerne Bjørnson 1859, 1869
M Rikard Nordraak, ca. 1863

1 Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet, med de tusesn hjem.
Elsker, elsker det og tenker på vår far og mor
og den saganatt som senker drømmer på vår jord.

2 Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud!
Landet ville han beskytte, skjønt det mørkt så ut.
Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett,
har den Herre stille lempet, så vi vant vår rett.

3 Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet, for dets fred slår leir.

 

Det vart ein spesiell feiring av nasjonaldagen i år. Det var sårt å sjå på ungane som er vane med å få gå i det store toget nede i byen. I år fekk me ikkje ein gong lov å treffast på skolane.

Men me var ute i nabolaget, og me fekk med oss ikkje mindre enn to bittesmå spontane tog. Me sang Ja vi elsker saman. Og eg trur jamen eg elska, akkurat der og då.

Det er mykje ein kan seie om teksten i nasjonalsongen vår - den er jo skriven i ei anna tid. Med kritiske briller på finn me både krigsromantisering, nedverdigande kvinnesyn samt generell nasjonalisme. Og når eg har til tider hatt litt flau smak i munnen av heile feiringa, har ikkje denne teksten bidrege til å gjere smaken betre.

Det er kanskje det, at me feirar ein siger som ligg så langt attende i tid at eg ikkje har hatt sjans til å erfare kva det sto om. Me feirar jo demokratiske verdiar - grunnloven - men utan å ha noko fyrstehands oppleving av kva den no eigentleg gjer for oss i kvardagen. Me lever jo faktisk i denne tryggleiken! Men nettopp fordi eg alltid har opplevd tryggleik, klarar eg ikkje forestille meg korleis livet er utan dette nettet.

På sundag derimot, då måtte me feire på trass. Me song nasjonalsongen saman med mormor og morfar på telefonen - og NRK på den andre telefonen - ute på terrassen med svært eksperimentell synkronisering. Seinare såg me det lille lokaltoget med ei dame i spissen som spelte buekorpsmarsjar på skarptromme - omtrent så bra som eg hadde klart dersom eg hadde prøvd, men med autoritet og pågangsmot. Tre-fire ungar bak med plasttrompetar. Me ropa hurra for dei.

Og eg kjende at eg elska. Som eg aldri før har opplevd på nasjonaldagen: Eg veit ikkje om eg akkurat elska dette landet, men eg elska den gleda og den trassen som gjorde feiringa til noko spesielt og meningsfullt.

Kontaktinformasjon for Søreide menighet

Besøksadresse:

Steinsviksveien 19

5251 Søreidgrend

 

Kontortid:

Mandag - torsdag kl. 09:00-15:00

(Sommertid 23.06 - 13.08: tirsdag - torsdag kl. 10:00 - 12:00)

Postadresse:

Steinsviksveien 19

5251 Søreidgrend

Tlf: 55 59 71 00

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"