Ny giv for unge vaksne i St. Jakob

St. Jakob er kyrkja for unge vaksne i heile Bergen. For ungdomar i Bergen sentrum er den senter for domkirken menighet sine ungdomsaktivitetar. Ein ny avtale som vart signert 2. juni, sikrar vidare samarbeid om kyrkja mellom fleire aktørar.

Denne gjengen står for den daglege drifta av St. Jakob. F.v. Thomas Nordvik, teknisk sjef - Bergen domkirke menighet, Øivin Rudolf Sønnsyn Berg, prest, Bjørgvin bispedøme, Anne Smedsrud Edstrøm, dagleg leiar, Bergen KFUK-KFUM Ynglingen, Inge Høyland, studentprest, Susanne Feste Ingebrigtsen - ungdomsarbeidar, Bjørgvin bispedøme, Marie Grindheim, studentprest og Trygve Nesse, prosjektleiar, Bjørgvin bispedøme.

I St. Jakob finn du møteplassar for ungdom og unge vaksne i form av grupper, kor, kulturaktivet, lesesal med lunsj, temakveldar og regelmessige gudstenester, alt basert på stor frivillig aktivitet.
– Vi har stor tru på dette arbeidet med ei ung kyrkje, midt i byen, seier prest i St. Jakob, Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg. Midt i pandemien har det vore ein del aktivitet og planane for hausten er mange. Visjonen bak arbeidet er «Vi bygger fellesskap, vi skaper kultur, vi søker Gud».
Arbeidet i St. Jakob er eit samarbeid mellom Bergen domkirke menighet, Bergen kirkelige fellesråd, Bjørgvin bispedøme og Bergen KFUK-KFUM Ynglingen. Kyrkja, som fyller 100 år i år, er som del av samarbeidet også base studentprestane i Bergen.
Onsdag 2. juni vart det skrive under ein ny samarbeidsavtale om vidare samarbeid mellom desse partane.

Foto nedanfor frå signering av samarbeidsavtalen: (F.v.) Asbjørn Vilkensen, kirkeverge, Christan Nesset, menighetsrådsleder Bergen domkirke menighet, Jan Sverre Stray, Bergen KFUK-KFUM, stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit, Bjørgvin bispedøme og dagleg leiar Bernt Forstrønen, St. Jakob.

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"