Ny giv for unge vaksne i St. Jakob

St. Jakob er kyrkja for unge vaksne i heile Bergen. For ungdomar i Bergen sentrum er den senter for domkirken menighet sine ungdomsaktivitetar. Ein ny avtale som vart signert 2. juni, sikrar vidare samarbeid om kyrkja mellom fleire aktørar.

I St. Jakob finn du møteplassar for ungdom og unge vaksne i form av grupper, kor, kulturaktivet, lesesal med lunsj, temakveldar og regelmessige gudstenester, alt basert på stor frivillig aktivitet.
– Vi har stor tru på dette arbeidet med ei ung kyrkje, midt i byen, seier prest i St. Jakob, Øyvin Rudolf Sønnesyn Berg. Midt i pandemien har det vore ein del aktivitet og planane for hausten er mange. Visjonen bak arbeidet er «Vi bygger fellesskap, vi skaper kultur, vi søker Gud».
Arbeidet i St. Jakob er eit samarbeid mellom Bergen domkirke menighet, Bergen kirkelige fellesråd, Bjørgvin bispedøme og Bergen KFUK-KFUM Ynglingen. Kyrkja, som fyller 100 år i år, er som del av samarbeidet også base studentprestane i Bergen.
Onsdag 2. juni vart det skrive under ein ny samarbeidsavtale om vidare samarbeid mellom desse partane.

Foto nedanfor frå signering av samarbeidsavtalen: (F.v.) Asbjørn Vilkensen, kirkeverge, Christan Nesset, menighetsrådsleder Bergen domkirke menighet, Jan Sverre Stray, Bergen KFUK-KFUM, stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit, Bjørgvin bispedøme og dagleg leiar Bernt Forstrønen, St. Jakob.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"