Slik føregår vigselen

Paret kan vera aktivt med i planlegging og gjennomføring av vigselsseremonien.

Dette gjeld både prosesjonen, val av bibeltekstar, salmar og musikk og eventuelt tenning av lys. Dessutan kan dei vera med på å bestemma rammene rundt ekteskapsløftet, overrekkinga av ringer og forbøna for paret.

Det er òg mogleg med kulturelle innslag som understrekar bakgrunnen til paret. All planlegging må skje i samarbeid med prest og organist/kantor. Desse har ansvar for å godkjenna innhaldet i seremonien. Viss den eine parten høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan biskopen godkjenna at ien frå det trussamfunnet deltek ved vigselen.

Pynting av kyrkjerommet
I mange kyrkjer kan det vera fleire vigslar same dagen. Det skjer svært sjeldan i Ytre Arna kyrkje. Hjå oss held kyrkja ein bukett på altaret. Dersom brudeparet ønskjer meir pynt, må dei stå for det sjølve. Kva tid dei kan gjera det, avtalar dei med den kyrkjetenaren som er på arbeid den aktuelle dagen.

Val av musikk
Organisten har ansvar for å godkjenna musikken som ein skal bruka ved vigselen. Viss paret ønskjer spesiell prosesjonsmusikk eller andre song/musikkinnslag, er det viktig å ta kontakt i god tid med organisten. Dette gjeld både godkjenning av musikkinnslag og tidspunkt for øving.

Inngang
Mange stader er det tradisjon at paret går inn saman. Dette er den gamle kyrkjelege ordninga og eit uttrykk for at dei to sjølv kjem til kyrkja for å inngå ekteskap og stifta eigen familie.

Prosesjon
Skal det vera brudejenter og brudesveinar i prosesjonen, må ein avklara dette på førehand. Det er òg høve til å ha ein større prosesjon med forlovarar og prest. Prosesjonen skal enda ved altaret. Det må òg avtalast om både bryllaupspar, foreldre og forlovarar skal sitja på eigne stolar framme framfor alterringen. I Ytre Arna kyrkje vil det bli for trongt.

Før utgangsprosesjonen går presten ut av alterringen og gratulerer paret, forlovarar og foreldre. Bryllaupsparet går først i utgangsprosesjonen, deretter brudejenterr og -sveinar, så forlovarar og foreldre og til slutt resten av gjestene.

Skriftlesing, salmar og talar
Den første delen av vigselen er den spesifikt kyrkjelege. Etter prosesjon og velkomstord er det ein felles salme og/eller solosong før skriftlesing og tale. Familie og vener som ønskjer å delta i seremonien, kan for eksempel lesa frå Bibelen. 

Ekteskapsløfta
Paret kan velge mellom to ulike måter å avleggja ekteskapsløfte på. Den tradisjonelle måten er at presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka og dei så svarar ja. Den andre måten er at paret sjølv seier fram ekteskapsløfta ved å gjenta etter presten: Eg tek deg, NN, til min ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar til dess døden skil oss åt.

Ringane
Brudeparet kan gje kvarandre ringar under vigselen. Då skjer det etter at presten har sagt: ”Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap”. Alternativt kan paret gjenta etter presten: NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap.

Forbøn for paret
Forbøna kjem etter at brureparet har gjeve kvarandre løfta og presten har gjort kunnig at dei er rette ektevolk. Paret kneler ved alterringen mens presten legg handa på hovuda deira. I tillegg til presten kan òg nokre av gjestene vera med og be for paret. Det er mulig å velja mellom ulike bøner, eller be ei bøn som paret sjølv har vore med på å utforma. I tillegg til bønene kan ein tenna lys og syngja ein bønesalme. Etter forbøna bed alle bøna Vår Far.


Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"